lørdag 2. november 2013

Kreativ frisør- Fargerik gjenbruk

I dag har eg vore i den nye salongen til frisørvenninna mi, Mette! Tøff og kreativ jente som har flytta til Austevoll og starta ein liten salong heime i huset sitt der! Eg falt pladask for stilen i salongen! Høvelbenk, eplekassar, rekved og Noregsglas!!! Nais!!! Og eg såg jammen ikkje verst ut sjølv heller, etter nokre timar ved høvelbenken!!

lørdag 26. oktober 2013

Tanteteppet

Dette lappeteppet har eg sydd av fine retrostoff som eg har samla over tid. Litt finn.no,litt loppis, litt epla og litt bloggbutikkar. Teppet er sydd til det nyaste skuddet i familien, finaste niese Ronja! Det er stort, mjukt og tjukt og kan forhåpentligvis brukast i mange mange år. Teppet har fått navnet tanteteppet for å vere sikker på at Ronja aldri gløymer at det er tante som har sydd det!




Fin lørdag:)

Silje

søndag 20. oktober 2013

Instagram

Eg innser mine begrensingar...det tar mindre tid å legga ut alle prosjektene mine på Instagram. Følg meg på @sildrer om du vil.

 Ny "gammal" skjenk fått av naboen! Utruleg kva to strøk maling kan gjera!

Fin søndag:)

torsdag 26. september 2013

Hvetebrødsdager

"Hvetebrødsdagene varer en måned fra bryllupets dato, og i følge tradisjonen har de nygifte i denne måneden ingen forpliktelser til å delta i sosialt liv. De skal være sammen, dyrke sin kjærlighet og legge grunnlaget for sitt samliv. Lengden på hvetebrødsdagene skulle i utgangspunktet gjøre det mulig for kvinnen å bli gravid, og med en måned hadde hun en teoretisk mulighet til det."

Ja...akkurat sånn har det vore her i huset den siste månaden! Eller, kanskje ikkje heilt sånn!!
Bryllupet 10.08.2013 var heilt fantastisk og akkurat slik som me hadde ønska oss det! Været var bra, folka var bra, lokalet var bra, maten var bra, festen var bra, ALT VAR BRA!! Det var mykje planlegging og arbeid i forkant med eit bryllup der me ville gjere det meste sjølv, men når dagen var der var det verdt alt arbeidet!

 
 
 


 Fine kjolen min "designa" av meg og Mamma og sydd av Mamma! Blomsterkanten som slepet er festa i er hårbåndet til Ine. Ho fekk ikkje hår før bryllupet stakkar...



 Buketten min, ein Hortensia og tre Roser, enkelt og greitt! Heilt meg!!

Kaka laga av Mamma.
 
 
Blir aldri lei av å sjå på desse bildene! Fantastiske minner!!
 
Silje:)

onsdag 5. juni 2013

Jobbstart

Der var det slutt på permisjonen, og tilbake i jobb! Det er herleg med permisjon, men jammen er det godt å komma tilbake til jobben òg! Heldig er eg som kan gleda meg til å gå på jobb, treffe mange supre kollegaer, og jobbe med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver!! Jobb kombinert med sol har ført til ein midlertidig pause i kreativiteten! Men det ligg noko stoff  på syrommet, og eg har eit prosjekt på pinnane, så kanskje...

På veg til jobb for første gong på nesten eit år
 
 
 
Pappaperm...
 
 

Blomane til bryllupet er bestillt, og eg gler meg til å ta fatt påbordpynting!!
 
 
Silje
 

torsdag 9. mai 2013

Brudebuketten

Eg må snart bestemma meg for korleis brudebuketten skal sjå ut! Og det er ikkje enkelt! Har liksom tenkt tidlegare at "næsj, det er no ikkje SÅ nøye!" Meeeen, det er SÅ nøye! Ikkje for at den skal vere så stor og flott og dyr, men for at den skal vere enkel, fin og heilt meg!! Aller helst kunne eg tenkt meg den så enkel at eg kan laga den sjølv, men eg kjem litt til kort når det gjeld blomar, så det blir med tanken!! Men så fann eg denne...
'
Ein enkel blom, heilt aleine! Så enkel, og så fin!! Kanskje er det denne som blir brudebuketten??
 
I morgon tar eg med meg mann, barn og bikini, og reiser til Tyrkia! Det blir herlig!!! Så blir det blomebestilling når eg kjem heim igjen!
 
Fin helg til alle!
 
Silje
 

mandag 6. mai 2013

Vimpelrekke

I mitt forsøk på å gi det blåmalte jenterommet litt jentepreg har eg sydd vimpelrekke som skal henge over senga. Eg var på Stoff og Stil og kjøpte inn masse fint stoff, men latskapen tok meg, og det vart ei vimpelrekke i papir i staden! Når ein syr i papir slepp ein jo å vrangsy og alt det der;)



Vimpelrekka er sydd av papir frå Søstrene Grene og TGR. Eg har bretta trekantane dobbelt og sydd dei over eit silkebånd. Fort gjort, akkurat som eg likar det!!
 
Med ei list inne i hjørna der, og barneseng i staden for sovesofa blir nok Ine fornøgd med rommet sitt:)
 
 
 
 
Med denne flotte Hortensiaen  (god brudebukettkandidat) ønskjer eg alle ein fin fin dag:)
 
Silje