onsdag 31. oktober 2012

Nøsteplagg

Nøstebarn er min klare favoritt når det kjem til garn og strikkeoppskrifter! Garnet er lett og godt både å strikke med og å ha på seg,og oppskriftene er enkle med rom for å lage sin egen lille vri på plaggene! Her er eit lite knippe av dei siste prosjekta!

Rillestrikka omslagsjakke i str. 3 mnd. Strikka i 2 tråds merino frå Nøstebarn.


Dette var ein kjole, er ein tunika, og kjem snart til å bli ein vest. Med andre ord, eit plagg som varer lenge. Oppskrifta er henta frå boka «myk start». Den er strikka i 2 tråds merino frå nøstebarn. Dei kvite stripene er alpakka.


Bukser strikka etter mønster frå boka "myk start". Buksa til høgre er strikka rundt istadenfor fram og tilbake slik det står i mønsteret. Buksa til venstre er strikka i Silkeull frå nøstebarn. Buksa til høgre er strikka i silkealpakka frå Drops. Denne buksa er høg i livet, og kan derfor brukast lenge!
Enkel barnelue frå boka "Strikk til nøstebarn".
Denne kjolen er det mamma som har strikka. Den er så fin at den må få ein plass her likevel! Kjolen heiter kvardagskjole og er henta frå boka "Strikk til nøstebarn". Strikka i 2 tråds merinoull frå Nøstebarn.

mandag 29. oktober 2012

Pimp my lamp - hekla lampeskjerm

Denne lampen hadde eg egentlig tenkt å skifte ut...heilt til eg kom på at den heller skulle få eit aldri så lite ansiktsløft!




Med ein liten garnrest,ei heklenål,nokon hyssingstumpar og litt drivved blei lampen riktig så fin. Må sei meg fornøgd:)

Luer

Å sy luer er absolutt eit overkommelig prosjekt, sjølv for travle småbarnsmødre:) Dessuten er det ein god måte å bli kvitt restestoff på. Så mellom amming og trøsting av sjuke barn, blei det tre nye luer i går!



 Denne babylua er sydd med utgangspunkt i Kobralua til Kristi Overland, men har endra litt på fasong og størrelse. Eg har droppa stykket som skal gå under haka, og laga knyting i staden. Den er sydd i bomullsjersey og polarflece frå S&S.  Str.ca. 9-12 mndr.

Mønsteret til Kobralua fann eg i boka "Made by me - sybloggernes beste oppskrifter". Denne boka er kjempefin, og et must for sånne hobbysyersker som meg:)




Luer til gutta, sydd i Jersey frå S&S. Fôret er frå ei avlagt ulltrøye, varmt og mjukt! Vensre: str 5-10 år, høgre: str 2-4 år.



lørdag 27. oktober 2012

Ulldress


Ulldress strikka etter nøstebarn sitt mønster, hel dress i dobbel merino. Supergod, fin dress som er enkel å strikke, og som varer lenge! Den er strikka med dobbel 2-tråds merino, på tjukke pinnar, så den er rask å strikke, og det er jo viktig når strikkeprosjektene står i kø!!
I dag har eg fått nok eit prosjekt på " har lyst å strikke" lista mi, nemlig ein "Nøstevams". Det ligg gratis oppskrift på bloggen til Nøstebarn, så det er bare å la seg inspirere:)

Fin lørdag!

Silje



fredag 26. oktober 2012

Forklekjole

Det er fredag,og det snør sidelengs. Perfekt vær for kvalitetdtid på syrommet! Resultatet blei noko meir sommarsøtt enn været utanfor! Supersøt, superenkel forklekjole sydd etter mønster frå boka "Sikk Sakk", og kjem opprinnelig herifrå.


Genialt med sånne "2 i 1" kle, som kan brukast leeenge!! Dette er størrelse 1-2 år.
Stoffet som er brukt er diverse restestoff, og eit dynetrekk kjøpt på KID. Alltid lurt å kikke oppi billigkassane på KID og lignande butikkar, for der ligg det nemlig mange fine skattar (som andre gjerne ikkje vil ha...)

Fin fredag:)

Silje



torsdag 25. oktober 2012

Drivved


Drivved er det finaste eg veit, rett og slett!! Det er så mykje fint å laga av treverk som ligg i sjøkanten rundt omkring, godt nedslitt av sjø og ruskevèr! Om du kikkar innom www.drivved.no eller bloggen "svunnen tid" kan du sjå alt det fine som kan tryllast fram av gammalt treverk.

Eg kan ikkje skryte på meg like fantastiske interiørkunstverk, men mine små kunstverk av drivved er likevel heilt spesielle for meg, og er iallefall noko som ingen andre har! Det er heimelaga, det er gratis, det er enkelt, og det er fint:) Kva meir treng ein??






 Knaggerekka har eg laga av ein planke eg fann! Og søte knottar frå Kremmerhuset.

Den er dekorert med ei lyslykt eldstemann har laga til meg i barnehagen, ein engel eg har fått av ei god, kreativ venninne og ei skei eg fekk til dåpen. Fine ting som betyr mykje for meg!!

Hylle laga av ein annan planke eg fann. Den er skrudd fast i to knektar som er kjøpt på Claes Olsson. 


 

 Stygg og gammal spegel frå Ikea, pimpa opp med litt rusk og rask frå sjøkanten!!

 To aluminiumspotter som er skrudd fast i litt sjøslitt ved, heilt suveren veggpynt til 20 kr!

Fin kveld:)

Silje

onsdag 24. oktober 2012

Strikketøyet...

 


Eg fann denne
fine genseren blant pickles sine fantastiske strikkemønstre. Den skal egentlig strikkast i angora, men sidan eg allerede hadde kjøpt inn alpaca garn i denne fine høstfargen, prøver eg med det! 
Supert TV-strikk då det bare er rundt og rundt...

tirsdag 23. oktober 2012

Luer med fleecefôr




Vinteren er uten tvil snart på veg. I dagtidleg var det rim på bilen og fyr i peisen!
Heimesydde huer er gode, og fine, men dei eg har sydd til no er tynne, og uten fôr. Eg kasta meg difor ut i huer med fôr prosjekt i går kveld.

Eg tok utgangspunkt i vanlig lue, sydd etter denne supre forklaringa: http://kokalal.blogspot.no/2009/10/att-sy-en-mossa.html

Men for å få fleecefôr i klypte eg stykkene i to på midten og sydde saman ytterstoff og innerstoff slik:

Kjempedeilig og kul vinterhue! Ein må vere litt obs på at fleecestoffet ikkje er like stretch som jersey, og at ein derfor må vere obs på hodeomkretsen!



Eg prøvde meg også på ei hue med klaffar. Eg tok utgangspunkt i denne hua frå boka "sy til barn". Eg ville ikkje ha knyting under haka, så eg klypte av et stykke under øyrene.





Og slik blei resultatet:
Legg til bildetekst
Sidan eg fjerna knytinga under haka blei denne lua litt for vid, og den satt ikkje skikkelig på øyrene. Løysinga blir å sy borrelås på klaffane slik at den kan lukkast under haka likevel. Eg skal prøva å sy ei til som eg vil laga litt smalare.

Silje




mandag 22. oktober 2012

Lys i høstmørket

Eit syltetøyglas og litt restetråd, og ei ledig kveldsstund!Her er det brukt babyull frå Sandnesgarn, fordi det var det eg hadde for handa, men det er nok best å bruka bomull for å få det lit fastare! Kun fantasien set grenser for mønster:) Lykta gir eit kjempefint mønster når det er lys i!

søndag 21. oktober 2012

Bukse av restestoff


Denne søte jentebuksa er sydd av eget mønster, og eg tippar at den er ca 1,5 år. Lommene har eg sydd etter denne supre forklaringa: http://houseofhopen.blogspot.no/2011/03/tutorial-smart-lomme.html

Stoffet som er brukt er diverse restar frå tidlegare syprosjekt! Foret i lommene er sengetøy kjøpt for 20 kr på Kid!

Heimelaga lampeskjerm

Denne lampeskjermen er laga på ein kveldstime. Enkel,billig,og ikkje minst knallfin:)Framgangsmåten er henta www.pickles.no/bare-surr-lampe/
Ballong blir lett litt oval i forma, så eg brukte badeball i stedet. Eg la heile garnnøster oppi boksen med lim, og knadde limet godt inni uten å surre opp nøstet. Det er lurt å sjekke tråden hyppig undervegs, for å vere sikker på at det er nok lim på den!
Det er eit grisete arbeid, så om det skal gjerast inne, er det lurt å henge den opp i taket, og legge voksduk e.l på golvet. Limet vil nemlig skvette litt rundt omkring! Det er òg lurt å bruke hanskar!! Lampen hang i nesten to døgn til tørk!

Eg er kjempefornøgd med resultatet, og den gir eit veldig fint lys (som ikkje er så lett å få fram på bilde!!)
Og eit bilde med lys...