fredag 30. november 2012

Adventslys

Det er noko heilt spesielt med denne adventstida. Det blir liksom lagt opp til mykje kos og mange lyspunkt på alle kantar, midt i den mørkaste tida. For meg er ventetida det beste med heile jula, og no er adventslysene kommt på bordet, så då er det bare å gleda seg til søndag:)

Advents"staken" min er som alltid 4 kubbelys. Dei kan eg tenna på kvar dag sidan dei brenn så lenge. Pynta med tal, kongler, stjerner og skøyfer blir det ein fin dekorajon. 
Tala er klypt ut i det ytterste laget av ein serviett. Eg har så varma ei teskjei over eit stearinlys ( pass på å hald det så høgt at det ikkje kjem sot på). Så har eg strøke tala på lyset med baksida på den varme skeia!. Kjempefin og enkel måte å pynte alle typar lys på!

Fin advent!
Silje

torsdag 29. november 2012

Adventskalenderen



"Mamma, kor mange dager er det igjen til 1. desember?", "Kor mange netter er det igjen då?" "Mamma, har du huska å kjøpe inn pakker til adventskalenderen?"...Korleis er det mulig å gløyme det då? Ein blir jo påmint det kvar 5. minutt:) I dag har eg kosa meg med å lage adventskalender, så no kan den henge å friste fram til lørdag!

 Kalenderen er laga av ein drivvedplanke som ungane kom heim med etter å ha vore på sjøen i sommar ( ja, dei veit kva mamma set pris på:).  Så for å prøva å overføra litt gjenbruksglede til dei små, har eg altså laga kalender av den. Eg har malt på tal, og skrudd inn ein krok for kvart tal. Gåvene er ikkje heilt ferdige endå, så inntil vidare er den dekorert med litt sjølvhekla stjerner.

Om du har lyst å pynta med søte, små stjerner til jul, er det berre å finna fram heklekrok og tråd. Slik gjer du det:
1. omg: Hekle 4 lm, fest til ring med ei kjm i 1. lm
2. omg. Hekle 6 fm i ringen. Avslutt med 1 kjm i 1. fm, 1 lm
3.omg: 2 fm i kvar fm. Avslutt med 1 kjm i 1. fm, 1 lm
4. omg: *1 fm, 1 lm (= 1 stjernebue), 1 fm i neste m, 4 lm, 1 fm i den 4. lm frå nåla, 1 lm*. Gjenta *-* 6 gonger. Avslutt med 1 kjm i 1. fm.

For at stjerna skal bli litt stiv kan du dyppe den i sukkervatn eller blank brus, og legge den til tørk.

Lykke til:)

P.s.
Eg kom over ein fin give away i dag! Så om du vil vinne søte barnevottar, må du kikke innom denne bloggen!

Silje


onsdag 28. november 2012

Redesign av interiør

I dag fann eg denne boka i postkassen!
 Ei superduper bok fylt med gode og enkle tips og framgangsmåtar for redesign av interiør, alt frå små "dubbedittar" til møblar. Innimellom alle tipsene er det masse fine bilder, og omtale av meir avansert redesign utført av profesjonelle designarar. Masse god inspirasjon!! Nesten som å få eit kjempestort interiørblad!!! Denne boka er virkelig verdt å ta ein kikk i!

Lampe av kulepennar

Knagg og oppbevaring av ein gammal kost

Visittkortholder, eller bildeholder av gule sider

Lampe av ping pong baller

Lampe av banankasser

Så er det bare å vente på at neste bok skal komma; redesign av klær! Gler meg!!

Fin onsdagskveld|!
Silje

tirsdag 27. november 2012

Forklekjolen min

Denne kjolen har eg ikkje sydd sjølv, men det har mamma! Til meg! På 70- talet! Og heldigvis er den tatt vare på, min første kjole som mamma sydde til meg. Er den ikkje fin? Den har foreløbig fått plass på veggen på soverommet, skikkelig koselig veggpynt!!

 Og det er ikkje bare kjolen som er tatt vare på. Massevis av burda frå 70- og 80- talet, fylt med fine mønster som fint kan brukast i dag! Gler meg til å sy fine, små plagg:)
Fin onsdag!
Silje

søndag 25. november 2012

Julestjerne

Ein liten spasertur, eit døgn tørking og litt streng er det som skal til for å lage stjerna som no er å finna i alle interiørbuttikkar og interiørmagasin! Kongler, stein, mose og pinnar kjøper eg av prinsipp ikkje i butikken!!






 Denne skal få pynte opp i stova i adventstida. Kanskje ute, kanskje inne. Kanskje med litt lys på, kanskje ikkje... Seks pinnar frå naturen og litt streng altså, så har du fin adventspynt:)

Fin veke til alle!
Silje

fredag 23. november 2012

Bukse frå 70-talet

 Denne buksa blei til som eit resultat av at eg måtte få brukt ein bitteliten rest av dette fine, blomstrete soffet.
Buksa er sydd etter mønster i boka "børnetøy du selv kan sy". Eg har fått boka hjå svigermor, og den kom ut i 1977, så den er full av herlege 70-talls kle! Denne buksa har opprinneleg ikkje lommer eller brot nede, men elles har eg brukt mønsteret akkurat som det er. Bildene er av heller laber kvalitet..



Buksa er ganske brei i modellen, og har lange selar. Eg har sydd i to knappar på kvar side, slik at buksa varer ei stund! Lommene er sydd slik.

Actionbilder kjem på ein god dag:)

God helg!!
Silje

onsdag 21. november 2012

papirstjerner

Lokalavisa kan brukast til så mangt, som for eksempel nyhetsoppdatering, og stjernebretting! Eg kjenner eg blir litt oppgitt over alt kjøpemaset over alt før jul, så i år skal eg ikkje kjøpa julepynt (er eg nesten heilt sikker på...). Dermed er det bare å finna fram (avis)papir og saks og setta i gang!Det er første gong eg lagar slike stjerner, så eg måtte streva litt for å få det til. Forklaringa er henta frå eit gammalt julehefte.





Desse stjernene kan lagast i ulike størrelsar og fargar, og kan brukast til juletrepynt, vindupynt, bordpynt, pakkepynt, eller kva som helst anna pynt!! Dekorative er dei i allefall. Og ikkje minst, heilt gratis, og veldig miljøvennlig!!

Fin onsdagskveld:)

Silje

tirsdag 20. november 2012

Laken og apekattar

Eit rosa laken frå Fretex har fått nytt liv ved hjelp av søte, små apekattar og ei frustrert "syerske". Eg har prøvd meg på eit mønster eg har hatt liggande lenge. Eg syns det var ein tungvindt og "knotete" måte å sy ei toalettveske på, og holdt på å avslutta prosjekt "laken blir toaletveske" fleire gonger! Men i håp om eit bra resultat fullførte eg dagens syprosjekt.


 Blei ikkje så verst! Glad for at den ikkje havna i bunken med halvferdige prosjekt! Stor og romslig, og plass til alle toalettsakene, eller til bleier, kleskift, vaskeklut og håndkle!
Mønsteret, glidelåsen og apekattane er frå Stoff og Stil.

Fin Tirsdagskveld:)
Silje



søndag 18. november 2012

Sy lue med fleecefôr

Eg har fått spørsmål om korleis eg syr luer med fleecefôr, så derfor prøver eg meg på ei forklaring her. Eg har det med å sy litt etter fri fantasi, og finn ofte på løysingar etterkvart som arbeidet skrider fram, men i kveld har eg vore skikkeleg strukturert i arbeidet:) Kvaliteten på bildene er så som så, for dei er tatt med telefonen!

Eg har tatt utgangspunkt i denne framgangsmåten når eg har sydd luene mine, både med og uten fôr! Syns denne forklaringa er enkel, og luene har fin passform. Denne "oppskrifta" passar 3-6 år, så er det berre å legge til i lengda og bredden om ein skal ha dei større eller meir "baggy".


Framgangsmåte på lue med fôr:

  • Legg stoffet dobbelt med ein bredde på ca 23 cm. Klipp opp ei lengd på ca 26 cm. Gjer det samme med fôret:

      
  • Sy sammen Ytterstoff og fôr, rette mot rette. (Pass på at mønsteret på ytterstoffet ligg riktig vei.):

  • Brett arbeidet dobbelt to gonger, lag eit merke 10 cm frå kanten. Klipp ein bue frå merket og opp til toppen av bretten. Gjer det samme på fôrdelen:

  •  Brett ut igjen, og sy sammen rette mot rette:

  •  Klipp ein spiss ca 5 cm ned frå toppen av lua. Den skal vere ca 3 cm brei oppe. Gjer det samme på fôrdelen:



  •  Sy igjen åpningen på ytterstoffet:
  •  Vreng lua. Sy igjen åpningen på fôrdelen, og stikk fôrdelen inn i ytterstoffet.
  • Og vips....

 ...så har du sydd ei lue med Fôr!

Håpar forklaringa er forståelig, viss ikkje er det berre å spørre!

Fin veke:)
Silje














Telyslykter alà Cathrine Holm

På fredag kom eg over desse fine telyslyktene. Retro og gjenbruksnerd som eg er måtte jo dette prøvast. Perfekt aktivitet på ein lørdag med regn i vannrett retning!! Og det beste av alt; dette er glimrande å gjere med ungane rundt bordet, for ingenting er vel kjekkare en papir, saks og lim:)



 Syns dei kjedelige Ikea lysestakane blei kjempesøte, og dei gir ein fin stemning på hylla!! 
Mal på mønsteret kan lastast ned gratis her, og har du telysestake eller eit glas, matpapir, saks, farga papir og lim for hand er det berre å sette i gang!!


Eg hadde ikkje heilt sylinderforma lysestakar i skapet, så då vart det desse frå Ikea. Malen er derfor tegna på frihånd og er litt skeivt, men skeivt har sin sjarm det òg!!!

Takk til Hobbyvimsa sitt gode tips:)

Fin Søndag!
Silje

fredag 16. november 2012

Babyrangle

Denne babyrangla hekla eg når eg var gravid for 3,5 år sidan, og no har eg leita den fram igjen! Den er hekla etter oppskrift i boka "brukt på nytt", som er ei heilt genial gjenbruksbok for dei som likar stoff, garn, papir og tråd. Inni ranglene er det vatt, og kinderegg fylt med makaroni!



Sjølv om eg så absolutt burde øva meg litt meir på ansiktsbrodering, er ranglene svært populære hjå minstefrøkna her i huset:)

God fredag!
Silje

torsdag 15. november 2012

Kassetten

Samantha Fox, Bon Jovi, Alice Cooper eller New Kids On The Block...ein ting er iallefall sikkert; musikken frå 80-talet var på kassett!! Båndkrøll i knall gul Walkman(som til og med var "vanntett"), "opptak frå 10 i skuddet", og spoling fram og tilbake! Kassetten vekker mange gode minner, og det var det som skjedde når eg kom over kassettstoffet på Stoff og Stil. Her måtte det syast ein sminkepung med ein gong, og fleire skal det bli!



Og når eg først hadde symaskina framme, blei det to søte pengepungar òg!

Alt er sydd etter eget mønster, og stoff frå Stoff og Stil!

Silje



onsdag 14. november 2012

Sauen

Denne sauen må ein berre bli glad i:) Den er lett å lage, og den er kjempesøt! Dessutan er den ganske nyttig!

Kanskje ikkje heilt dei rette fargane for ein sau, men det fins jo svarte sauer òg (kanskje ikkje som har grått hovud, men...) "Innmaten" er eit målebånd frå Kid til 10 kr. Eg har brukt ullgarn, men det blir vel så fint med bomull! Og det er fint med både gris, ku, geit, skilpadde, marihøne, og sikkert mange andre dyr òg!

Framgangsmåte:
Bruk heklenål 2,5-4 alt etter kva garn du har
  • Første fastmaske på kvar runde erstatar du med ei luftmaske (lm). Hekle i kjedemaske(kjm) i luftmaska i slutten av kvar runde.
  • Hekle 5 lm og set dei saman til ein ring med ei kjm
  • Hekle 8 fastmasker(fm) om ringen
  • Hekle 2 fm i kvar fm i ein runde
  • Hekle (1 fm, 2 fm i neste fm) i to rundar
  • Hekle (2 fm, 2 fm  i neste fm) i ein runde
  • Hekle 1 fm i kvar fm i ein runde
  • No heklar du med ei maske meir mellom aukingane(3fm, 2 fm i neste fm osv.) for kvar runde til ringen er så stor som målebåndet.
  • Hekle ein runde der du hekler fm i kun det bakerste maskeleddet. På denne måten får du ein fin kant. 
  • Hekle ein runde med 1 fm i kvar fm. Der du vil at målebåndet skal stikke ut heklar du 3 lm, og ei kjm i 3. fm. 
  • No er du komen på baksida av sauen. Hekle 1 fm , hopp over 1 fm, og 1 fm i neste, runden ut. Hekle slik 2. kvar omgang. Dei andre omgangane heklar du 1 fm i kvar fm.
  • Dekoren på framsida er hekla/sydd på for fri hand.
  •  
Håpar det gjekk an å forstå forklaringa. Var ikkje så lett å skrible ned oppskrift frå eige hovud!! Spør gjerne, så forklarer eg så godt eg kan:)

Fin Torsdag:)
Silje


Strikkejakke

I dag fekk eg endeleg somla meg til å sy knappar i strikkejakka til frøkna her i huset. Jakka er strikka etter mønster "jakke med rundfelling" i boka "Strikk til nøstebarn". Trur jammen eg har strikka meg igjennom nesten heile boka no!



Tenkte kanskje eg skulle dekorere den med ein heklekant og ein blom, eller kanskje eg berre skal ha den sånn!? Eg har strikka inn seks knappehol, men foreløbig er jakka så stor at den er finast med berre tre knappar. Denne jakka kan også strikkast med krage.

Fin onsdag til alle:)
Silje