torsdag 29. november 2012

Adventskalenderen



"Mamma, kor mange dager er det igjen til 1. desember?", "Kor mange netter er det igjen då?" "Mamma, har du huska å kjøpe inn pakker til adventskalenderen?"...Korleis er det mulig å gløyme det då? Ein blir jo påmint det kvar 5. minutt:) I dag har eg kosa meg med å lage adventskalender, så no kan den henge å friste fram til lørdag!

 Kalenderen er laga av ein drivvedplanke som ungane kom heim med etter å ha vore på sjøen i sommar ( ja, dei veit kva mamma set pris på:).  Så for å prøva å overføra litt gjenbruksglede til dei små, har eg altså laga kalender av den. Eg har malt på tal, og skrudd inn ein krok for kvart tal. Gåvene er ikkje heilt ferdige endå, så inntil vidare er den dekorert med litt sjølvhekla stjerner.

Om du har lyst å pynta med søte, små stjerner til jul, er det berre å finna fram heklekrok og tråd. Slik gjer du det:
1. omg: Hekle 4 lm, fest til ring med ei kjm i 1. lm
2. omg. Hekle 6 fm i ringen. Avslutt med 1 kjm i 1. fm, 1 lm
3.omg: 2 fm i kvar fm. Avslutt med 1 kjm i 1. fm, 1 lm
4. omg: *1 fm, 1 lm (= 1 stjernebue), 1 fm i neste m, 4 lm, 1 fm i den 4. lm frå nåla, 1 lm*. Gjenta *-* 6 gonger. Avslutt med 1 kjm i 1. fm.

For at stjerna skal bli litt stiv kan du dyppe den i sukkervatn eller blank brus, og legge den til tørk.

Lykke til:)

P.s.
Eg kom over ein fin give away i dag! Så om du vil vinne søte barnevottar, må du kikke innom denne bloggen!

Silje


1 kommentar:

  1. Jeg er over normalt glad i drivved :) Fin idé til kalender. Likte godt den lampa under fra boka di - tøff!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)