tirsdag 13. november 2012

Hekla korg

Ein kjem langt med litt husholdningshyssing og ei heklenål!! Denne korga er hekla med hyssing frå Rema 1000 og heklenål nr. 4. Det gjekk med 2 rullar med hyssing, men det hadde ikkje gjort noko om korga hadde vore litt større, den er nemleg heilt full!! Det er hekla med stavar heile vegen, men det går fint an å hekle den med fastmasker eller med halvstavar. For å få korga litt stiv har eg spraya den med sukkerlake!

Syns restegarnet tek seg ekstra bra ut i ei slik korg, og pyntar fint opp i ein krok i stova:)





 Om du heklar korg som passar rundt ein hermetikkboks eller eit syltetøyglas blir det kjempefine oppbevaringsboksar til blyantar, sysaker, hårpynt eller anna dill dall! Ein kan også bruka bomullsgarn, men då blir korga litt mjukare, og vanskelegare å få stiv!

Silje

 

1 kommentar:

  1. Knallfin kurv! Det gjorde seg skikkelig med garnet oppi, kjempelekkert.

    Fin blogg du har, utrolig mange gode ideer for gjenbruk! :-)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)