tirsdag 13. november 2012

Resirkulering!

Resirkulering er eit av dei mest positivt lada orda eg veit om! Heilt sidan eg var medlem i Blekkulfklubben når eg var liten har eg vore opptatt av resirkulering:) Det er så mykje fint ein kan laga av søppel og gamle ting, og eg blir så glad av å sjå gamle ting få nytt liv:)

 Denne lyslykta har eg fått i gåve hjå den eldste guten min. Dette har han laga i barnehagen av syltetøyglas, streng, lim og serviettar. Kjempefint med lys i:)
Juleengel som er laga av ein brusboks. Eg har fått den i gåve av ei venninde, og veit ikkje korleis ho har laga den...endå...men eg skal spørre fint om ho vil røpe framgangsmåten, så kan eg dele det her inne! Den er så fin at den får henge oppe heile året, ikkje berre i jula:)

Skjønne, romantiske påskeegg som eg fekk i gåve, fylt med godis:) Dette er vanlege påskeegg kjøpt på Nille. Dei er deretter smurt inn med decpoage lim, dekka med fine serviettar, og smurt med decopagelim oppå der igjen!! Finaste påskeegga!!


I går kom eg over denne fine bloggen. Her er det mykje fin resirkulering:) Om du går inn og kikkar finn du kanskje nokon smarte julegåvetips?? Og du kan melde deg på konkurransen om å få ein fin supermiljøvennlig pengepung!!

Fin mandag:)

Silje

3 kommentarer:

  1. Hei høpp!

    Takk for koselige ord fra deg:)

    En fortsatt fin uke ønsker jeg deg:)

    Klem Linda:)

    SvarSlett
  2. Engelen har du fått av meg??;) den e nok dessverre kjøpt, men laga av brusboksar av kvinner i Afrika . Så det e et godt formål likavel;)Men den e jammen knallfine;)

    SvarSlett
  3. Nei, tullejenta! Var overbevist om at du hadde laga den :-) då må eg fram med blyant og saks og prøva meg fram då!!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)