onsdag 7. november 2012

Saccosekk

Endeleg vart min 3 år gamle plan realisert, og endeleg er eg ferdig å sy! Saccosekk til gutane, med forbokstaven, og ei ugle på! Kanskje ikkje akkurat typisk guttefarge, men kva gjer vel det?! Det skal jo tross alt passe inn i stova òg!




 Sekkane er sydd etter mønsteret "sekkestol" frå Stoff og Stil. Der har eg også kjøpt stoff og fyll! Eg har først sydd ein pose i ubleika bomullslerret. Den fylte eg opp med kuler før eg sydde igjen holet med maskin. Isoporkulene lever sitt eige liv, så det var ikkje berre lett å få dei inni. Heldigvis var min tålmodige mann heime, og kunne hjelpe meg! Ikkje gjer dette aleine!!! Me skar av ei stor brusflaske som me brukte til trakt, det fungerte greit! Trekket utenpå har glidelås i bunn. Viss eg hadde vore redd for golvet mitt hadde eg tvilt littegrann på den "hanken" på glidelåsen, for den ligg jo og gnissar mot golvet når ein sit oppi sekken!

Eg fylte først opp sekken med ca 130 liter kuler, men då lei den veldig tett og hard å sitte i, sjølv om den ikkje såg så full ut! Tok ut igjen ca 30 liter, og då såg den litt liten og slapp ut, men blei perfekt å sitta i. Eg tenker det er bedre å fylla på litt etterkvart som den blir "slappare"!

For stoff, fyll og glidelåser til 3 sekker betalte eg ca. 1200 kr. Eg har brukt vanlig bomullslerret, som er ganske rimelig, så det er altså ikkje så fryktelig mangen kronene å spare på å sy sjølv. Dessuten er det mykje arbeid i og med at ein må sy både fôr og trekk! MEN ein får jo ein saccosekk som ingen andre har lik:)

Fin Tirsdag!
Silje

1 kommentar:

  1. Så mye fint du lager :O)
    tøffe saccosekker, gratulerer med å få planen utført - og ha helt originale saccosekker som ingen andre har :O)
    Takk for koselig hilsen hos meg! Setter stor pris på det :O)
    Nina

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)