søndag 18. november 2012

Telyslykter alà Cathrine Holm

På fredag kom eg over desse fine telyslyktene. Retro og gjenbruksnerd som eg er måtte jo dette prøvast. Perfekt aktivitet på ein lørdag med regn i vannrett retning!! Og det beste av alt; dette er glimrande å gjere med ungane rundt bordet, for ingenting er vel kjekkare en papir, saks og lim:)



 Syns dei kjedelige Ikea lysestakane blei kjempesøte, og dei gir ein fin stemning på hylla!! 
Mal på mønsteret kan lastast ned gratis her, og har du telysestake eller eit glas, matpapir, saks, farga papir og lim for hand er det berre å sette i gang!!


Eg hadde ikkje heilt sylinderforma lysestakar i skapet, så då vart det desse frå Ikea. Malen er derfor tegna på frihånd og er litt skeivt, men skeivt har sin sjarm det òg!!!

Takk til Hobbyvimsa sitt gode tips:)

Fin Søndag!
Silje

3 kommentarer:

  1. Dei blei jammen fine!! Trudde dei va kjøpt eg;) ka type papir har du brukt?

    SvarSlett
  2. Har brukt vanlig farga a4 ark. Ikkje kartong... Veldig kjekke å laga :-)

    SvarSlett
  3. ÅH, så lurt! De ble kjempefine!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)