fredag 9. november 2012

Vinterfargen gul

Her om dagen kom eg over ein femarma messinglysestake på bruktbutikken. 20 kroner kosta den, og eg tenkte at med litt spraymaling måtte denne bli kjempefin:) Eg kjøpte gul spraymaling på Metro, og satte i gang! I iveren etter å sjå resultatet, glømte eg å ta eit "før- bilde", men messinglysestake kan vel dei fleste sjå for seg!



                                          Syns lysestaken blei kjempeflott på den grå skjenken!!

Og når eg først var igang med å spraye, fekk det eine norgesglaset seg ein ny look òg! Eit lite gult pust i den ellers så grå gangen gjorde seg!






Det er litt for kaldt for spraymalingen når det berre er eit par plussgrader ute, så eg må ta eit par strøk til når det blir litt varmare. Fire strøk har eg tatt til no!
Syns det blei kjempefint! Trur eg må inn igjen på bruktbutikken på jakt etter fleire sånne lysestakar. Skulle gjerne hatt ein kvit, og kanskje ein turkis òg!


"Don't be afraid to try

Be afraid not to try"

God fredag!
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar:)