lørdag 29. desember 2012

LP-skåler


Etter ein liten tur på "brukt`n" i dag kom eg heim med 4 LP plater, klare for nytt liv! 1 minutt i steikeovn, og vips så var ripete, nedstøva plater blitt til fine skåler!





Lyst å prøva? Slik gjer du:
  • Forvarm ovnen til 100 grader
  • Legg plata oppå ei skål som står oppned
  • Sett inn i ovnen i ca 1 minutt. Når plata bøyer seg ned over skåla skal du ta den ut
  • Form plata slik du vil ha den. Putt den evt. oppi ei skål for å få fin "skålform". Arbeid raskt, for den blir fort hard igjen. Om du er misfornøgd med resultatet kan du sette den tilbake i ovnen.
For at du skal kunne vaske skålene er det lurt å spraye etiketten med klarlakk!
 
Lykke til!
 
Silje

tirsdag 25. desember 2012

Heimelaga gåver:)

Det er koselig å gi vekk heimelaga gåver, og det er endå koseligare å få heimelaga gåver. I år var det spesielt ei gåve som vekte stor begeistring blant alle! Eg blir imponert over at nokon faktisk har kome på å sy teposar til meg! Tusen takk, Karianne, du er min store kreative inspirator:) Glede meg til å nyta ein kopp heimesydd te;)


 
Unike teposer i fin heimelaga boks:) DET er julegåva si det:)
 
Silje

Julegløgg!

På "bittelillejulafta" inviterte me naboer til julegløgg! Eg tenkte eg for ein gongs skyld skulle laga gløggen frå bunnen av, utan bruk av essens! Etter eit kjapt søk i Google fann eg fort ut at det er 100vis av måtar å lage gløgg på! Det endte med at eg lagde min eigen variant med rødvin og krydder! Gløggen blei kjempegod, så eg deler oppskrift i tilfelle nokon skal nyte gløgg i romjula!


Oppskrift:
 
1 flaske rødvin ( ein "lett" vin er å foretrekke då det er krydderet som skal framhevast)
2 kanelstenger
1stjerneanis
2 cm ingefær
1 liten muskatnøtt
10 nellikspiker
skalet frå 1 appelsin (bruk potetskreller)
saften frå 1/2 appelsin
1 dl sukker
1 ts honning
 
Ha alt saman i ei gryte og varm opp! NB!! Gløggen må ikkje koka, berre varmast!!
For å få den gode julesmaken er det lurt å varme opp gløggen med alt krydderet, og la den stå kaldt til dagen etterpå. Då er det berre å varme den opp igjen og sile den før servering!
Server med  mandler og rosiner:)
 
Lykke til, og GODJUL:)
 
Silje
 
 

 

fredag 21. desember 2012

Girlander og gratis bilderedigering

Eg er ikkje så fryktelig begeistra for all den raude pynten! Pastell derimot...








Pongpongane er laga på denne smarte måten! Resten er papir som er klipt til og festa med limstift på hyssingen! Her er det bare å klippa og lima i vei...


Og med ny pc, og tiiiidleg morgon med julemorgen på barne-tv, blei det endelig tid til å eksperimentere litt med eit nyoppdaga bilderedigeringsprogram!
PicMonkey er eit gratis bilderedigeringsprogram med mulighet for oppgradering mot betaling. Men ein kjem langt med gratisversjonen! Kjekt!!

God helg:)
Silje

Eksotisk besøk i stallen

Eg pyntar ikkje så mykje med tradisjonell pynt til jul. Eg nøyer meg med litt stjerner her og der, litt kvite dukar, litt kongler, masse lys, og sjølvsagt juletre! Og så julekrybba! Når julekrybba er på plass er det jul:) Den er koseleg å sjå på, og luktar litt sånn gammal loftslukt sånn som julepynt skal lukte! I år har Jesusbarnet og dei andre fått eksotisk besøk...Heilt feil plassert, men sjarmerande nok til at det får stå!


 
To pingvinar og sjølvaste Lynet mcQueen! Gåver til den nyfødde!!
 
Fin fredag:)
Silje

torsdag 20. desember 2012

Sirkulasjon i restelageret,og fletting av julestjerne

Etter at eg strikka ein Marius til meg sjølv i fjor, sat eg igjen med ein god del restegarn. Restegarnet har resultert i fleire par med Marius pulsvarmarar. Men kva skjer? Lageret er fremdeles like stort! For kvart par med pulsvarmarar går eg tomt for den eine fargen, og må supplere med eit nytt nøste for å bli ferdig. Så etter fleire par med pulsvarmarar sit eg igjen med det samme lageret som før eg begynte! Jaja, litt sirkulasjon er sikkert bare bra!!

Varme og gode! Og fine! Strikka med Sandnes alpakka på pinne 3. Lagt opp 54 masker!


Og så til den som er ferdig med alle juleforberedelsane, eller som av ein annan grunn har god tid til å kosa seg dei siste dagane fram mot jul: Her finn du framgangsmåte på fine papirjulestjerner som du kan bretta på ei kort kveldsstund:)


Eg har fått nye følgjarar på bloggen - kjekt at nokon vil følgja med:)

Silje

onsdag 19. desember 2012

"Gåva til den som har alt"

...eller "det er tanken som tel"!




I fjor brukte me ca 5000 kr per nordmann på julegåver (Dine penger), det er 102.000 fattige barn i Norge(Ssb), og I 2010 oppstod 9,5 millionar tonn avfall i Norge(miljøstatus.no).
Kvar desember vert me pepra med tv-reklamar som skal hjelpe oss å finne gåver til den som har alt, og ofte vert det foreslått gåver i 10-, 20- og 30.000 kroners klassen. Her om dagen var det eit innslag på God morgen Norge, der me vart tipsa om ei fin klokke til 30.000 kr som årets julegåve. Ja, klokka var fin, men eg fekk kaffien i halsen!

Kvar desember får eg ein litt "eimen" smak i munnen når det kjem til gåvene. Er det verkeleg tanken som tel? Og kva kjøper ein til den som har alt?

Eg pleier å gi vekk heimelaga ting. Desse gåvene ligg det tanke og arbeid bak! Men ofte når jula nærmar seg, så kjem den dustete tanken " er dette bra nok?", og så endar eg opp med å supplere med noko frå butikken! Ja, så vann handelstanden den jula òg!! Og dette til tross for at eg vert aller mest glad for å få heimelaga gåver sjølv!

I år har eg lagt lite pengar i julegåvene! Men alle får julegåver! Og det er gåver med tanke bak! Og det er gåver som gir meg litt betre samvittigheit. For det ER tanken som tel!! Og det ER godt nok med gåver ein har laga sjølv. Og ein som har alt, har mest sannsynleg ikkje akkurat den tingen du har laga!!

Ja...alt dette satt eg og tenkte på i kveld, når eg klinte lim og serviettar på hermetikken frå dagens middag.


Desse penneholdarane er laga av hermetikkboksar frå fiskebollar og knuste tomater. Eg har pensla på eit lag med decoupagelim, så har eg lagt på det ytterste laget av ein serviett, før eg har pensla over med eit nytt lag med decoupagelim. Ein kan gjere det samme med tapet og tapetlim, men serviettar er jo meir tilgjengelig. Dessuten får ein kjøpt decoupagelim som tåler både vatn og oppvaskmaskin. Decoupagelim kan brukast til å dekorere alt frå møblar til hermetikkboksar og påskeegg! Limen får ein kjøpt på hobbybutikkar!

Og om ein skal gi gåve til ein som har alt, vil gjere det billeg, men ikkje har tid til å laga noko; Då kan ein jo gjere eit lite innhogg i materiellageret, slik eg har gjort!


Ein liten bunke med stoff,eit par glidelåser, og litt bånd. Koseleg gåve til ei syglad venninde:)

Fin torsdag (shoppingfri for min del!)

Silje

søndag 16. desember 2012

SØNDAGSKOS; Gåveposer, karameller og lyslykter




I dag har me hatt nye 5 minutts økter med juleverkstad. Litt perling, litt klypping, litt liming, og mykje kakesmaking!! Og eg har laga dei årlege karamellane, som etter min smak er verdas beste!! Mjuke og søte!!!


OPPSKRIFT
50 g margarin
2,5 dl lys sirup
3 dl sukker
1/3 l kremfløyte
1 1/2 ss vaniljesukker
 
Smelt margarin i ei gryte. Rør inn sirup og fløyte. Bland så i sukker og vaniljesukker. Rør om til det kokar opp, og la det fosskoke i 15 min UTEN å røre. Hell massen over på eit bakepapir, og la det stå til det er kaldt!. Skjær i terninger og pakk inn. Karamellene er mjuke og litt klissete, så det er lurt å oppbevare dei i kjøleskap!
 
 
 
 
No er det berre ei veke igjen til jul, og det er på tide å få gåvene i boks! Største kosen med julegåvene er innpakkinga, den koser eg meg med:) I dag har eg laga gåveposar i ulike variantar. Posane er heilt supre når ein skal avlevere julekort, gåver, blomar, konfekt eller andre juleoverraskingar!!
 



Desse posane er enkle å laga! Bruk ei bok ,på den størrelsen du ønsker posen, som mal! Klypp opp papir som når rundt boka, og som er ca 4 cm utanfor boka både oppe og nede. Brett ned ein kant på ca 4 cm oppe. Brett papiret rundt boka, med denne bretten inn. Lim igjen. Brett saman i botnen, og lim eller bruk tape. Ta ut boka og lag hol på begge sider til hank. Tre igjennom bånd, og knyt dette på innsida av posen slik at det ikkje glir ut. Pynt med hjertens lyst, og putt oppi overraskinga:)
 
 
Og til slutt; Eg er atter ein gong blitt inspirert av denne flinke dama. Fine lyslykter laga av syltetøyglas og papir. Det er så fantastisk at ein kan lage så fine ting sjølv, som ikkje kostar nokon ting! I alle fall når ein har gitt seg sjølv forbod mot å kjøpa julepynt i år!!
Syns no uansett dette ser finare ut enn mykje av det ein finn i butikkane no før jul!
 

 
Her har eg rulla eit matpapir rundt eit syltetøyglas, og limt det saman i sidene og botnen med tape. Eg har så tatt ut glaset, krølla papiret godt saman, bretta det ut igjen, og putta glaset tilbake i "posen".  Gir eit nydelig lys med telys inni!! For detaljert framgangsmåte, ta ein kikk her!
 
Fin søndag!
 
Silje
 

lørdag 15. desember 2012

Norgesglasset

...Eller Noregsglaset, kan brukast til så mangt! Når eg ser rundt meg ser eg at eg har ganske mange, og alle gjer nytte for seg! Her er eit lite knippe..

Gul vase til krokhasselen

Pennehaldar på sy (lego)rommet

Glidelåsbehaldar

Telyskrukke

Krukke til frokostblandingen

Krukke til kronelysene




I tillegg kan eg nevna krukke til bomull, kubbekyslysestake, knappekrukke, mjølkrukke, sukkerkrukke...

Kva bruker du Noregsglas til?

Fin lørdag:)
Silje

fredag 14. desember 2012

Førjulsgåve til meg

I dag var eg innom på besøk på jobben,og der fekk eg jammen ei julegåve!! Og heldigvis for meg var den berre sånn delvis pakka inn, slik at eg kunne få glede av den med ein gong! Den var så delikat at det var egentlig ikkje nødvendig å pakka den ut!


Ein søt, liten svibel,nydelig innpakka!
 Når eg likevel pakka den ut, var det jammen ein endå finare potteskjuler innanfor det fine gråpapiret!!

Telyslykt frå Bloomingville brukt som potteskjuler

 Og eg som ikkje kan kasta fint gåvepapir begynte med ein gong å grubla på kva eg kunne bruka den fine innpakningen til. Så fekk eg eit godt tips frå denne bloggen tidlegare i dag! Eg satte eit syltetøyglas med eit telys oppi posen, og vips, så hadde eg ei fin telyslykt òg!




Fin, stormfull fredag:)

Silje

torsdag 13. desember 2012

Fleire sminkepunger

...Eller ting&tang punger som eg liker å kalle det! Eg har nemlig slike overalt, og det er berre ein som har sminke i seg. Eg har ein i veska til mobil og nøklar (for at dei ikkje skal drukne), eg har ein til kremmar o.l til minifrøken, ein til litt førstehjelp som plaster og paracet, og ein til målbånd, stoppesaker o.l.

I gårkveld fekk eg endelig tid til å sy ein liten ladning til, så kanskje det blir nokon ting&tang vesker under treet i år! For alle har jo bruk for ting&tang vesker??!!



Alle veskene er sydd etter eget mønster, og med stoff og glidelås frå stogg&stil. Foret er for det meste gardinstoff frå restekorga på Kid.


Og til slutt: Eit bilde av det fantastiske pepperkakehuset vårt!! Den følelsen av å sjå huset ein har brukt lang tid på å konstruera bli kamuflert av klissete godteri!!! Og i år som i fjor hadde eg på forhånd bestemt meg for at dette skulle få bli guttas verk, uten nokon som helst form for innblanding! Og eg klarte det!!!

Og som de ser: her i huset har me ikkje latt dorulldebatten gå inn over oss:)

Fin torsdag!

Silje

søndag 9. desember 2012

5 minutt

Her i huset er det litt juleverkstad kvar dag i desember! Ja, egentlig resten av året òg! Med små barn må det bli litt kvar dag. Entusiasmen er upåklageleg når forslaget om å laga noko kjem opp, men utholdenheten er heller laber...5 minutt, så er det tilbake til lego og Lynet mcQueen...Alltid kjekt å vaska opp igjen lim og glitter etter 5 minutters idyll rundt spisebordet!! I dag har eg og gutane laga juletre. Heilt perfekt aktivitet, for det tek nemleg ikkje meir enn ca 5 minutt å laga eit sånt juletre! Så i dag vart me faktisk ferdige med det me begynte på!! Ideen til juletreet har eg henta herifrå. Har gjort det enkelt og greit ved at eg har laga kremmerhus av papir, og kledd det med glitter og bånd.

 Dekorative, fine juletre! Her skal det lagast fleire ved ein seinare 5 minutts anledning!!

Her er 5-åringen sitt verk. Svært fornøgd. Han skulle egentlig gi det vekk i gåve, men når han såg resultatet kom han fram til at det var alt for fint til å gi i gåve. Treet fortente ein plass på kunstnarens eige nattbord!!

Fin veke til alle, med eller uten juletre!!

Silje

fredag 7. desember 2012

Telyslykter

No er det synleg reduksjon i garnlageret mitt. Grunnen er at eg har funne fram heklenåla, og då går det unna!! Telyslykter kan heklast i mange ulike variantar, og det einaste ein må ha er eit syltetøyglas og litt restegarn. Har du ein tom telyskopp, eit lite band,og ein knapp eller ei perle blir det endå litt finare:)

Her har eg klypt ut eit hjarte av ein tom telyskopp, og sydd den fast med ein knapp

På den lilla lykta har eg klypt ut ein blom av ein tom telyskopp, og sydd den fast saman med ein hekla blom


Julelykt

Eg har hekla med stavar på desse lyktene, men ein kan jo hekle mange ulike, fine mønster. Berre fantasien som set grenser:)

God helg!
Silje

torsdag 6. desember 2012

Restefesten fortset

Sidan eg har gitt meg sjølv forbud mot kjøp av både garn og julepynt, er det berre å fortsette restefesten. To fine stjerner hekla av eit eller anna ullgarn, og fylt med vatt. Sløyfebanda er frå Søstrene Grene.
(Dårlige bilder tatt med telefonen, igjen...)



 Eg har sett på ei kjøpt heklestjerne, og prøvd meg fram i samarbeid med hekleboka mi. Den kvite er prøvekluten med nokon sjarmerande feil, den lilla blei akkurat slik eg ville at den skulle bli.


Framgangsmåte:
  • Hekle fem lm, set dei saman tilein ring med ei kjm.
  • 1. omg: hekle 10 fm i ringen
  • 2. omg: hekle 2 fm i kvar fm
  • 3. omg: *hekle 3 fm, 2 fm i 4. fm* heile omg
  • 4. omg: hekle 4 fm, 2 fm i 5. fm* heile omg
  • Fortset slik med ei maske meir mellom aukingane til du har 30 masker i ringen
Spissar:
  • Hekle 6 fm, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 2 fm sammen, 4 fm, 2 fm sammen, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 4 fm, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 2 fm sammen, 2 fm sammen, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 2 fm, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 2 fm sammen, 1 lm. snu arbeidet
  • Hekle 1 fm, 1 lm, snu arbeidet
  • Hekle 1 lm
  • Hekle kjm ned langs venstre sida på spissen slik at du kjem ned til botnen av spissen
  • Denne spissen skal du hekle fem gonger
  • Lag ei til stjerne på samme måten
  • Hekle dei to stjernene saman med fm.
  • Fyll med vatt
Lykke til :)

Silje

mandag 3. desember 2012

Julegåver

Eg syns det er aller aller kjekkast å få heimelaga gåver. Og det velger eg å tru at alle andre også syns, så derfor lager eg alltid litt småting som eg kan gi vekk til jul. Eg passar på å ikkje setta igang med dei store prosjekta som likevel ikkje blir ferdige til jul, og lager heller små, enkle ting som blir ferdig på ein kveld eller to...




Strikkepinneetui er eit must for alle strikkarar. Mykje koselegare å ha i strikkeposen enn masse lause pinnar!! Eg har sydd desse etuia uten mønster, men om nokon vil ha forklaring er det berre å legge igjen komentar, så skal eg forklare så godt eg kan!




 Dette er ein "presskannevarmar" som er sydd av to stykker bomullstoff, og eit stykke fleecestoff. I endane er det festa borrelås for å kunne feste varmaren rundt kanna. Den er sydd etter eige "mønster". Ikkje veit eg om kaffien held seg lengre varm, men dekorativt er det uansett!

Fin tirsdag:)
Silje