onsdag 19. desember 2012

"Gåva til den som har alt"

...eller "det er tanken som tel"!




I fjor brukte me ca 5000 kr per nordmann på julegåver (Dine penger), det er 102.000 fattige barn i Norge(Ssb), og I 2010 oppstod 9,5 millionar tonn avfall i Norge(miljøstatus.no).
Kvar desember vert me pepra med tv-reklamar som skal hjelpe oss å finne gåver til den som har alt, og ofte vert det foreslått gåver i 10-, 20- og 30.000 kroners klassen. Her om dagen var det eit innslag på God morgen Norge, der me vart tipsa om ei fin klokke til 30.000 kr som årets julegåve. Ja, klokka var fin, men eg fekk kaffien i halsen!

Kvar desember får eg ein litt "eimen" smak i munnen når det kjem til gåvene. Er det verkeleg tanken som tel? Og kva kjøper ein til den som har alt?

Eg pleier å gi vekk heimelaga ting. Desse gåvene ligg det tanke og arbeid bak! Men ofte når jula nærmar seg, så kjem den dustete tanken " er dette bra nok?", og så endar eg opp med å supplere med noko frå butikken! Ja, så vann handelstanden den jula òg!! Og dette til tross for at eg vert aller mest glad for å få heimelaga gåver sjølv!

I år har eg lagt lite pengar i julegåvene! Men alle får julegåver! Og det er gåver med tanke bak! Og det er gåver som gir meg litt betre samvittigheit. For det ER tanken som tel!! Og det ER godt nok med gåver ein har laga sjølv. Og ein som har alt, har mest sannsynleg ikkje akkurat den tingen du har laga!!

Ja...alt dette satt eg og tenkte på i kveld, når eg klinte lim og serviettar på hermetikken frå dagens middag.


Desse penneholdarane er laga av hermetikkboksar frå fiskebollar og knuste tomater. Eg har pensla på eit lag med decoupagelim, så har eg lagt på det ytterste laget av ein serviett, før eg har pensla over med eit nytt lag med decoupagelim. Ein kan gjere det samme med tapet og tapetlim, men serviettar er jo meir tilgjengelig. Dessuten får ein kjøpt decoupagelim som tåler både vatn og oppvaskmaskin. Decoupagelim kan brukast til å dekorere alt frå møblar til hermetikkboksar og påskeegg! Limen får ein kjøpt på hobbybutikkar!

Og om ein skal gi gåve til ein som har alt, vil gjere det billeg, men ikkje har tid til å laga noko; Då kan ein jo gjere eit lite innhogg i materiellageret, slik eg har gjort!


Ein liten bunke med stoff,eit par glidelåser, og litt bånd. Koseleg gåve til ei syglad venninde:)

Fin torsdag (shoppingfri for min del!)

Silje

3 kommentarer:

  1. så stilig og kreativt! det er jo de hjemmelagde gavene som er best!

    SvarSlett
  2. Det er heilt sant som du seier; den som har alt - har neppe det du lagar sjølv..
    Eg har lagt nokre heimelaga gåver under treet, eg og. I tillegg er eg ein flittig kunde på gjenbrukane, og nokre gåver er faktisk derifrå òg ;)
    Flott resirkulering av boksane - dei kjem til å liva opp kor enn dei kjem til og stå.
    Ynskjer deg nokre fredfulle dagar fram mot jul!
    Siri

    SvarSlett
  3. Jeg er så enig med deg!
    Hurra for hjemmelagde gaver med en tanke bak!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)