lørdag 1. desember 2012

Restefest!

Det er mykje fint garn i butikkane, og alltid like fristande å kjøpe! Men no har eg altså bestemt meg for å gjere eit drastisk innhogg i lageret mitt, og ikkje kjøpe nytt garn før eg har strikka meg gjennom ein del av det eg har!
Denne helga er det blitt ei babylue og eit par vottar.




 Dette er "barnelue med øyreklaffar" strikka etter oppskrift i boka " Strikk til nøstebarn". Lua er enkel og rask å strikke, og den sit perfekt på! Glir ikkje ned i augene, og varmar godt på øyrene. Eksra søt med ein liten hekleblom på! Lua skal egentlig strikkast i dobbel 2-tråds merino, men eg har brukt enkel 3-tråds. Det fungerer heilt fint!



Desse vottane er også strikka etter oppskrift i denne boka, og er like enkle og like raske å strikke:) Vottane er strikka i dobbel 2-tråds merinoull. Vottane skal eg gi til førjulsprosjektet "alle masker monner", som er eit prosjekt der målet er å gi stikkeplagg i julegåve til alle megafonseljarane. Eg håper det vert samla inn nok gåver, for er det nokon som fortener ein varm, heimestrikka julegåve må det jo vere dei gode folka som går ute heile dagane og sel bladet Megafon! I førjulstida er det mykje fokus på kjøping og pengebruk, så då syns eg det er ekstra viktig å tenke på dei som ikkje har så mykje:) Så håpar eg at vottane kan gi mykje varme resten av vinteren! Og om det er nokon der ute som har lyst å bidra, så er det fremdeles 14 dagar til gåvene skal leverast!

Fin søndag:)
Silje




2 kommentarer:

  1. Ein god følelse når ein klarer å ta eit jafs inn i lageret. Eg har nokre nøster liggjande etterkvart, eg òg, og trur nok eg bør ta meg i nakken snart.
    Så fin gest å gje vekk ei varmande gåve før jul...
    Siri

    SvarSlett
  2. Det med stort garnlager kjenner jeg veldig godt igjen. Det er så sabla fristende når jeg står i butikken og alle de fine nøstene roper på meg...Jeg har også gitt meg selv kjøpeforbud :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)