søndag 16. desember 2012

SØNDAGSKOS; Gåveposer, karameller og lyslykter




I dag har me hatt nye 5 minutts økter med juleverkstad. Litt perling, litt klypping, litt liming, og mykje kakesmaking!! Og eg har laga dei årlege karamellane, som etter min smak er verdas beste!! Mjuke og søte!!!


OPPSKRIFT
50 g margarin
2,5 dl lys sirup
3 dl sukker
1/3 l kremfløyte
1 1/2 ss vaniljesukker
 
Smelt margarin i ei gryte. Rør inn sirup og fløyte. Bland så i sukker og vaniljesukker. Rør om til det kokar opp, og la det fosskoke i 15 min UTEN å røre. Hell massen over på eit bakepapir, og la det stå til det er kaldt!. Skjær i terninger og pakk inn. Karamellene er mjuke og litt klissete, så det er lurt å oppbevare dei i kjøleskap!
 
 
 
 
No er det berre ei veke igjen til jul, og det er på tide å få gåvene i boks! Største kosen med julegåvene er innpakkinga, den koser eg meg med:) I dag har eg laga gåveposar i ulike variantar. Posane er heilt supre når ein skal avlevere julekort, gåver, blomar, konfekt eller andre juleoverraskingar!!
 



Desse posane er enkle å laga! Bruk ei bok ,på den størrelsen du ønsker posen, som mal! Klypp opp papir som når rundt boka, og som er ca 4 cm utanfor boka både oppe og nede. Brett ned ein kant på ca 4 cm oppe. Brett papiret rundt boka, med denne bretten inn. Lim igjen. Brett saman i botnen, og lim eller bruk tape. Ta ut boka og lag hol på begge sider til hank. Tre igjennom bånd, og knyt dette på innsida av posen slik at det ikkje glir ut. Pynt med hjertens lyst, og putt oppi overraskinga:)
 
 
Og til slutt; Eg er atter ein gong blitt inspirert av denne flinke dama. Fine lyslykter laga av syltetøyglas og papir. Det er så fantastisk at ein kan lage så fine ting sjølv, som ikkje kostar nokon ting! I alle fall når ein har gitt seg sjølv forbod mot å kjøpa julepynt i år!!
Syns no uansett dette ser finare ut enn mykje av det ein finn i butikkane no før jul!
 

 
Her har eg rulla eit matpapir rundt eit syltetøyglas, og limt det saman i sidene og botnen med tape. Eg har så tatt ut glaset, krølla papiret godt saman, bretta det ut igjen, og putta glaset tilbake i "posen".  Gir eit nydelig lys med telys inni!! For detaljert framgangsmåte, ta ein kikk her!
 
Fin søndag!
 
Silje
 

3 kommentarer:

  1. så fine dei blei med pynt på... :) dei karamellane ser sååå hærlige ut... kanskje laga i måro... :)

    klems..

    SvarSlett
  2. Hei høpp!

    Nydelige lyslykter og karamellene så deilige ut:)
    Her er også karamellene ferdige.Kun litt vask igjen så
    er vi klare til jul:)

    Nyt fine førjuls dager!

    Klem Linda:)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)