torsdag 31. januar 2013

Skrekkblanda fryd...

..er vel den rette beskrivelsen når eg heiv meg over spisebordet med malingskosten i går! Endelig hadde eg funne ei løysing på korleis eg kunne få det lysare!! Men male eikebordet!?! Syns eg høyrer pappa for meg " Du må hugsa på at viss du maler det vil du aldri få det tilbake til sånn som det var!" ( kanskje det er ein grunn til at alt er trekvitt heime hjå pappa).

I utgangspunktet hadde eg tenkt å olja bordet med kvitpigmentert olje. Men så, rett før eg satte i gang, kom eg over DETTE! Så fint, og så genialt!!

 
 

 
Eg blanda 2 deler akrylmaling med 1del vatn, og smurte blandinga utover bordet med ein svamp. Eg tørka av malingen med ein tørr klut rett etter påføring. For å få bordet så kvitt som eg ville ha det gjentok eg prosessen tre gonger! Det er lurt å påføre maling på små områder om gongen då det tørkar fort!! ENKELT og RASKT!!...og fint! (sjølv om eg aldri vil få tilbake det gulna eikebordet...)
 
Bordet mitt var olja i utgangspunktet, og med tre små ungar rundt bordet til alle måltid, ser eg allereie no at det er nødvendig med eit lag med lakk for at ikkje malingen skal bli skrapa opp.
 
 
Slik såg det ut før...
 
Og reaksjonane i heimen? 5 åringen lurte på kven som hadde ødelagt bordet og laga masse kvite skraper i det, og 3 åringen begynte å grina fordi han heller vil ha det bordet som me hadde i går! Jaja, eg likte det iallefall:)
 
God helg!
 
Silje
 
 

tirsdag 29. januar 2013

Babyrangle

Babyrangle er eit supert restegarnprosjekt! Og så er det jo stas for små babyer å ha rangle som matcher smokkesnora! (er det ikkje?!?) I alle fall er det stas å hekla små rangler!

Rangla er hekla slik:

- Hekle 4 lm, og set saman til ein ring
- Hekle 8 fm i ringen
- Hekle 2 fm i kvar fm
- Hekle 1 fm i kvar fm, og gjenta dette til "håndtaket"er så langt som du vil ha det.
- Hekle 2 fm i kvar fm
- Hekle *1fm i fm, 2 fm i neste fm*, gjenta frå *-* ut omgangen
- Du skal no fylle håndtaket med vatt. Fyll så eit kinderegg med makaroni, ris eller liknande og legg det i "hovuddelen". Hekle 1 fm i kvar fm til kinderegget er dekka. Fell ved å hekle 2 og 2 fm saman. - Surp igjen på toppen

"Håret": Hekle ca 10 luftmasker, hopp over 2 lm og hekle fm tilbake. Gjenta dette 4 gonger.
Og om ein broderer på auger og munn blir den jo ekstra fin:)

Vanskelig å forklara hekleoppskrift frå eige hovud, så spør viss det er uklart!

Lykke til!

Silje

Smokkesnor

Lei av å leita etter smokken, og hekla denne fine smokkesnora!

Framgangsmåte:

- Lag ein Salomos knute, og hekle 33 fm i løkka
- Hekle *1 lm og 3 fm, snu*
- Gjenta frå * til * til snora er så lang som du vil ha den. (Pass på at den ikkje blir lenger enn 22 cm, pga fare for kveling!)
- Hekle fm rundt heile snora med ein annan farge
- Sy fast klipsen til slutt



Løkka kan ein berre tre rett innpå mam smokkane, passar perfekt!

Lykke til!

Silje

søndag 27. januar 2013

Makeover

Tripp Trapp stolen til Stokke såg for første gong dagens lys i 1972! Og den er fremdeles nesten obligatorisk rundt alle spisebord der det fins små barn. Eg syns Tripp Trapp stolen er både fin og praktisk, og brukte sjølv ein slik stol frå eg var 1 år til eg var ferdig på ungdomsskulen! Eg har fremdeles Tripp Trapp stolen min. No er det eldstemann som brukar den, og den har fått seg ein aldri så liten "makeover", frå mørk brun til knall turkis! Stolen til nr. 2 fekk me brukt, også den har fått seg eit par strøk med farge!
Stolen er pussa godt ned med grovt sandpapir, og vaska med salmiakk. Den har så fått seg eit strøk med grunning, og to strøk med blank maling!



 Det er altså ikkje nødvendig å gå i butikken og bruka masse pengar for å få seg ein fin Tripp Trapp! Finn.no eller eit loft, og litt maling, så er du der:)

(Og heldige som me er så kom det ein splitter ny, kvit stol på døra når minstefrøkna vart 1/2 år! Heilt greitt, sidan eg var bittelitt lei av å male Tripp Trapp!)


Og lurer du på korleis du kan lage ein surrelampe som på det 2. bildet? Det kan du sjå her!

Velkomen til nye følgjarar, det er stas for ein nybegynnarbloggar som meg:)

Fin veke til alle!

Silje

Varmaste vottane!!

Nok eit par med supervarme vottar er ferdige! Denne gongen er det svigerfar som er mottakar. Desse vottane er supre under vindvottar, eller bare aleine. Du blir ikkje kald om du blir litt våt, og for kvar gong vottane blir våte, blir dei meir tova!! Om du vil ha dei ekstra "vanntette" kan du setta dei inn med ullkur.
Og det beste av alt; dei er veldig, veldig enkle å strikka! Oppskrifta finn du her!





Vottane er strikka i PT2, som har et hav av ulike fargar å velje i! Ikkje så overraskande kanskje, men desse vottane er strikka av garn frå restekorga:)

Fin søndag!

Silje

fredag 25. januar 2013

Vaser av syltetøyglas

Eg er litt i vasemodus...og som alltid prøver eg å gi syltetøyglasa nytt liv! Det er mykje kjekkare enn å putta dei i "glasogmetallcontaineren", sjølv om dei syltetøyglasa sikkert får det heilt fint i sitt neste liv òg!






 
Eg fjerna etikettane og all limen på glasa før eg begynte. Det kan vere litt vanskelig å fjerne all limen, men legg dei i kaldt vatn ei stund, så løsnar det som oftast greitt!
 
  • Tøm flytande akrylmaling oppi glaset, og snu og vend på det til malingen har dekka heile glaset på innsida. Det går litt t r e g t,så vèr tålmodig!
 
  • Når alt er dekka set du glaset oppned på eit plastbrett (for eksempel isbokslok).
 
  • Det vil renna ein god del maling ut, så dette kan du ta tilbake i malingsboksen!
 
  • Når det er slutta å renne maling ut, snur du glaset. La det stå til det er heilt tørt.
  •  
  •  Malingslaget inni glaset er ganske tjukt, så det kan vere lurt å herde det for at det ikkje skal bli oppskrapa. Eg pakka glaset inn i papir, og spraya oppi med klarlakk!
Ideen har eg henta her!

 
 
Her er malinga eg har brukt. Kjøpt på "Metro".
 
...Ut å kjøpe blomster...
 
Lykke til, og god helg:)
 
Silje

onsdag 23. januar 2013

Den store dagen...

...nærmar seg!


 
 
Eg har liksom tenkt at dette er ingenting å stressa med. Me har god tid, og me skal gjera det uformelt og enkelt! Fint, kjekt og minnerikt, men enkelt!
 
Men altså, det finst ikkje grenser for kva ein skal ta stilling til har eg no så smått begynt å skjønna!!
Langbord, småbord?
Roser, Ranunkler, Nellik eller Peoner? Eller heilt andre blomar??
50 gjester eller 100?
Slep, slør, sko, smykker, Ring
Barnevakt
Mat
Servitør
Levande musikk eller speleliste?
Kubbelys, telys, kronelys??
Bordkort
Serviettar
 
Ja, og 1000 andre ting!!!
 
Dette er, og skal bli ein kreativ blogg, men de må ha meg unnskyldt om det blir litt bryllupsinnlegg undervegs!! Eg håpar eg får brukt den kreative delen av meg 100 % i planlegginga fram mot 10.08.2013!!
 
Fin dag til alle!
 
Silje


tirsdag 22. januar 2013

Heimelaga opptenningsbriketter

Det er alltid spennande å opne julegåvene som ungane har laga i barnehagen! Kor mykje glitter er det i år?? Innhaldet har ingenting å sei, det er lykke i seg sjølv å sjå når "produsenten" står og småtrippar på golvet og har store problem med å halda innhaldet hemmelig!

Denne jula var innhaldet i barnehagepakken smart, nyttig og heimelaga; nemlig opptenningsbrikettar til å fyre opp bål med! På søndag var me på skøyteisen og fekk testa dei! Dei brann som berre det!!

 
 

Slik lagar du dei:

  • Legg restar av stearinlys i ei skål eller boks/skål av plast eller stål, og set den i ei gryte med varmt vatn på komfyren
  • Fest ein sytråd i tørre grankongler
  • Dypp konglene i det smelta stearinet, og heng dei opp til tørk (legg avispapir under!!)
  • Gjenta dyppinga minst èin gong!
  • Når stearinet er kaldt og har stivna, fjerner du sytråden
Effektive, miljøvenlege opptenningsbrikettar!!!
 
 
 
Lykke til:)
 
Silje

mandag 21. januar 2013

Ferdigstilling av prosjekt 1, av minst 10

Strikkebuksa til 5-åringen er ferdig, og me er fornøgde begge to!


Buksa er strikka etter oppskrifta "Långis" i boka " Brukt på nytt". Fin bok med mange kjekke idear for dei som er glad i gjenbruk!

Buksa er eit reint restegarnprosjekt, og eg har brukt i overkant av 250 g 2-tråds merinoull frå Nøstebarn. Eg har strikka med dobbelt garn og pinne nr 3,5.
Buksa er lett, og kjempefin i fasongen! Eg syns det var eit langtekkelig arbeid, men det er alltid verdt det når resultatet blir bra!

Det kjedelige er at eg alltid har vore opptatt av rettferdighet, og at dette tydeligvis har smitta over på dei små. Så når buksa kom på i går, kom det kjapt frå 3-åringen: Då må du strikka noko til meg òg mamma, eg trur eg vil ha ein gensar eg..." Oh no...

Fin veke til alle:)
Silje

søndag 20. januar 2013

Bruktfunn

Å, den følelsen når ein kjem over gamle, brukte skattar!! Eg er innom bruktbutikken i Os ein gong i veka, minst! Og ofte finn eg små skattar!

Her er sist vekes fangst!


 Fat i den perfekte grønfargen. 15 kroner
 
 
Figgjomugge som ikkje er kjøpt på bruktbutikken, men "stjelt" frå kjøkkenskapet til pappa. Ved å ta med meg denne mugga har eg mest sannsynleg redda den frå å havna på boset, og eg har derfor god samvittighet. Denne mugga vart brukt til kakao når eg var liten! Gode minner med andre ord!

 
Teboks frå bruktbutikken. 20 kr. Denne står på bordet med mandlar i. Eg er svak for boksar, og syns denne var kjempefin!
 
Fin søndag:)
 
Silje

lørdag 19. januar 2013

TV-kroken


I forbindelse med at Ikea skal lansere ei ny tv-løysing, har Norske interiørblogger og Ikea lagt ut ein utfordring om å vise fram Tv-kroken! Ved å delta på denne utfordringa er ein med i trekninga om å få ei tv-løysing frå Ikea heim på døra!
Eg er jo ingen typisk interiørbloggar som skriv og legg ut bilder av interiør, med mindre eg har laga det sjølv då! Men det eg lagar sjølv er jo ofte interiør, og eg er opptatt av interiør, så då blir det jo litt blogging om interiør likevel.

Per dags dato er eg i planleggingsfasen for ny tv-løysing, og planen er at eg (med litt mannehjelp...) skal laga den sjølv! Om eg deltar i denne utfordringa er det jo ein liiten sjanse for at eg slepp det!! Uansett, eg bryr meg ikkje om at tv-kroken er den store elefanten i rommet, som interiørbloggarar ikkje snakkar så mykje om. Eg deler gjerne nokon bilder, og har allereie latt meg inspirere av alle dei fine bidraga, som du kan sjå her!


 Enkel tv-benk frå Ikea som vart kjøpt som eit midlertidig møbel for 6 år sidan. Planen er altså å byte den ut med ein heimelaga! Hylla over ER heimelaga. Saccosekken som så vidt kan skimtas i høgre hjørnet er også heimelaga. Og bordet...og lampen til venstre...


Og så eit bilde av der eg sit planta akkurat no, og elles når me ser Tv!

Dette er heldigvis ingen fotokonkurranse (då hadde eg ikkje vurdert å bli med!), for bildene er tatt med telefonen, i vintermørket! Men det er slik tv-kroken min ser ut akkurat no!!

Fin lørdagskveld i tv-kroken!

Silje

torsdag 17. januar 2013

Syltetøyglas blir til såpedispenser

Inspirert av denne fine bloggen har eg laga såpe- og zalodispenser av syltetøyglas. Gjenbruk på sitt beste:)



Uncle Bens Tikka Masala og serviett frå Søstrene Grene

 
Såpedispenseren er laga av eit syltetøyglas som er dekorert med serviett. Eg har skjært eit hol i lokket som er så stort at såpeslangen akkurat går igjennom. Lokket har eg malt, og servietten er festa med decoupage. Fordelen med å dekorere med decoupage er at ein kan herda det i ovnen, og at det då tåler å bli vaska. Alternativt kan ein spraylakke det med klarlakk!
Såpedispenseren var veldig fin før eg dekorerte den òg!





I "Norgesglasdispenseren" har eg bytta ut glasslokket med eit plastlokk som eg har klipt ut av eit isbokslokk. Her er det bare å tegna rundt glaslokket og klippa ut. Eg har så laga eit hol i plastlokket som er så stort at pumpeslangen akkurat går igjennom. Det er viktig å ikkje lage det for stort, då blir det "slarkete".

 
 
 
 
Silje:)

onsdag 16. januar 2013

Heimelaga lysestake

Som eg har sagt før; drivved er noko av det finaste eg veit, og det kan brukast til nesten alt!! No er dessverre lageret mitt snart tomt, men det er eit par små godbitar igjen! I dag har eg laga ein telysestake av drivved, og små muffinsformer i favorittfargen:)


 

Fine muffinsformer/telysestaker frå Søstrene Grene, limt på eit stykke drivved, med kontaktlim!

Koppen i framgrunnen er Sarah Reed. Den er knallfin med telys oppi!!

Fin torsdag:)

Silje

tirsdag 15. januar 2013

Christmas DIY

Eg har pakka vekk jula for lengst, og hadde egentlig ingen planar om å tenke meir på jul på ei stund. Men så kom eg over denne sida, så då begynte eg å tenke bittelitt på jul igjen! Koseleg konkurranse, og masse kjekk inspirasjon til ting ein kan lage sjølv...til jul...

Så då bidrar eg med mitt enklaste juleprosjekt. Raskt og greitt, heilt i min ånd!!

Christmas DIY Challenge

Christmastrees made of paper and ribbon:
Use stiff paper and roll it into a cone. Secure it With tape. Cover it with glue, and wrap the ribbon around the cone.
Easy and nice:)

Silje

mandag 14. januar 2013

Mitt første møbel

Det første møbelet eg kjøpte meg var ein furuseksjon med skjenk og overskap. Eg kjøpte den i 1997, og den kosta 1995 kr! Og den var såååå fin...i nokon år...så vart den sååååå stygg!!
Seksjonen har stått heime på jenterommet mitt heilt til i sommar då eg fann ut at eg skulle prøva å gjera den fin igjen. Var det verkeleg håp for dette møbelet??
 
Eg har dessverre ingen "før-bilder", men kanskje du ser for deg denne furuseksjonen som stod i nesten alle heimar!? (Trur den fremdeles står i mange heimar;)
 
 


 
 
Overskapet står igjen på jenterommet (Så no ser det i alle fall ikkje bra ut!)
Skjenken har eg vaska godt med salmiakkvatn, og beisa 3 strøk med grå beis. Eg syns det er fint når treverket viser igjennom, og valde derfor beis. Syns den blei litt for blågrå, så om eg skulle gjort det om igjen ville eg nok valt ein farge som går meir i brunt, for eksempel drivved.
 
Knottane er kjøpt på Kremmerhuset. Dei er lilla, store og fine, og kjem nok snart til å bli bytta ut med nokon meir nøytrale.
 
Eg er ikkje meir enn sånn passe fornøgd med dette møbelet dessverre, så me får sjå kor lenge det får bli! Eller kanskje det får seg endå ein make over!?
 
Silje

lørdag 12. januar 2013

Jakten på det perfekte lyset

Eg blir liksom aldri heilt ferdig med "Norgesglasslampa" mi! Eg finn nemleg ikkje den rette pæra, som gir det gode lyset!! Eg er fryktelig kresen på lys, og eit Norgesglas er ikkje akkurat lampen som bidrar til dempa, varm belysning! Men eg syns lampen er fin, og vil ha den i stova! Med perfekt lys i! No har den fått ei 15 w lyspære, men den er vond å sjå på, så må få tak i ei gulaktig pære! Syns det er vanskelig å finne pærer som gir behageleg lys no etter at dei gamle glødepærene er vekk frå butikkhyllene. Gode forslag mottas med takk!

Fortsettelse følgjer...

Silje

torsdag 10. januar 2013

Lp - klokke

 
Eit lite eksperiment
 
 
 

Lp-plate, og urverk kjøpt på Clas Olsson. Her er det berre  å skru urverket gjennom holet som allereie er i plata. Kan det bli enklare?



Stempelaktivitet i heimen i ettermiddag. Kjempekjekk aktivitet for ein 5- åring som skal læra seg bokstavar. Stemplene er også kjøpt på Clas Olsson! (Ja, dei har mykje kjekt der!)

Kardemommeloven fortener ein plass på veggen:)


Fin kveld!
Silje



onsdag 9. januar 2013

Te til oppmuntring

Eg vart så glad for dei personlege teposane eg fekk til jul, så no har eg kopiert ideen, og laga mine eigne teposar! Eg har lagt ei ss fruktte i kvart tefilter, lukka den med stiftemaskin, og festa på fine lappar med passande ord og setningar.
Det er koselig å gleda andre med små gåver i kvardagen, og det skal eg gjera meir av dette året:)Desse teposane skal eg gi vekk til ei venninne i "oppmuntringsgåve":)



Tefiltrene er kjøpt på helskostbutikken. Dei er ganske høge, så eg har rulla dei ned før eg har stifta dei.  Lappane er laga av retroark frå Søstrene Grene.  (Søstrene Grene bloggen er forresten verdt å følgje med på! Mange gode tips!!)
 
 Bokstavane er frå ei Dymo maskin av den gode gamle sorten. Den er å få kjøpt på Clas Olsson for ca 100 kr.

Ein gammal teboks har fått nytt liv!
  
Og så ein kopp til meg sjølv...





Fin kveld alle:)
Silje





 

tirsdag 8. januar 2013

Lampe av Norgesglas

Eg har lenge tenkt på å lage lampe av Norgesglas. Trur første gongen eg såg det var på ein "Moods of Norway" butikk. Syns desse lampane er kjempe stilige!! På lørdag såg eg på "Hver gang vi møtes" på tv, og der hang det jo tett i tett med sånne lampar! Ja, så då måtte det berre prøvast!


Mellomstort Norgesglas
 Lampen er laga etter denne framgangsmåten. Ledningsopphenget er kjøpt på Clas Olsson, der har dei oppheng i mange ulike fargar til 69 kr! Norgesglasa er vanskelige å få tak i for tida,så eg måtte ofra nokon frå kjøkkenhylla!

Stort Norgesglas

Lampane er fine både til å henga i taket og til å setta på eit bord eller ei hylle! Eg glømte sjølvsagt å kjøpe lampettledning i dag,så då fekk eg ikkje gjort dei heilt ferdige. Det manglar ein vesentlig ting; lys! Eg skal ta nye bilder når lyset er på plass,sikker på det blir kjempefint:)

Silje!

søndag 6. januar 2013

På pinnane...

Eg har alltid minst tre strikkeprosjekt på gang samtidig. Eit "fjernsynsstrikketøy", eit "sosialstrikketøy", og eit strikketøy som eg kan ty til når eg er lei av dei to andre! Som regel strikkar eg ting kun fordi eg har lyst, og sjeldan fordi eg har spesielt bruk for resultatet! Men "fjernsynsstrikketøyet" mitt no for tida er eit nødvendighetsprosjekt. Eldstemann har strekt seg ut av strikkebuksene sine. Og strikkebukse er heilt nødvendig i for ein aktiv 5 åring som tilbringer store deler avdagen utendørs! Så då er det berre å strikka då...Er litt arbeid på ei strikkebukse når ungane ikkje er bittesmå lenger!! Men det er ein nødvendighet, og det gjer godt for restelageret mitt!


"Långis" frå boka "brukt på nytt". Strikka på pinne 3,5 med dobbel 2-tråds merino frå Nøstebarn.
 
Denne buksa er god i fasongen, og enkel å strikke! Ein favoritt her i huset!

Fin søndag:)

Silje