lørdag 5. januar 2013

Granola

Etter ei jul med alt for mykje feit julemat, og alt for mykje godteri, er det godt å komma tilbake til kvardagsmaten igjen. Her i huset går det som regel i kornblanding med surmelk eller yoghurt på, både til frokost og kvelds. Granola er ikkje noko meir hokus pokus enn ein heimelaga kornblanding med mykje godt i! Ein kan få kjøpt ferdig Granola, men det er lett å laga sjølv! Ein kan ha oppi det ein vil av korn, nøtter og frukt! Orginalen er med brunt sukker, men eg har valt å kutte ut sukkeret, og det går heilt fint!



Her er min Granola:

300 gram store havregryn
50 gram valnøtter
50 gram solsikkekjerner
50 gram mandler
50 gram gresskarkjerner
50 gram rosiner
50 gram tørka aprikoser
2 ss honning
1, 5 dl eple eller appelsinjuice
1 ts salt
1 ss olje

  • Bland saman alt det tørre unntatt tørka frukt/bær.
  • Varm opp juice, honning og olje til alt er løyst opp
  • Bland væska inn i kornblandingen
  • Fordel blandingen på eit bakepapirkledt steikebrett og sett midt i ovnen på 140 grader.
  • Rør i blandingen ca. kvart 10. minutt, ogla den stå ca 45 minutt.
  • Avkjøl, bland inn frukt/bær, og ha blandingen i ein lufttett behaldar



Andre ting som er godt å ha i: pinjekjerner, kokosmasse, kanel, linfrø, tranebær, tørka blåbær, tørka fiken, tørka banan, tørka eple....

Server det med surmelk eller yoghurt!

Sunt og godt!

God helg!
Silje

2 kommentarer:

  1. Dette høres ut som noe jeg kunne ha startet dagen med. Nam, nam....
    Ha en fin helg!
    Anette

    SvarSlett
  2. Høres kjempegodt ut. Barna her liker godt havregrøt, så det går det mye av her i huset, men kunne vært gøy å lage sin egen frokostblanding også :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)