tirsdag 22. januar 2013

Heimelaga opptenningsbriketter

Det er alltid spennande å opne julegåvene som ungane har laga i barnehagen! Kor mykje glitter er det i år?? Innhaldet har ingenting å sei, det er lykke i seg sjølv å sjå når "produsenten" står og småtrippar på golvet og har store problem med å halda innhaldet hemmelig!

Denne jula var innhaldet i barnehagepakken smart, nyttig og heimelaga; nemlig opptenningsbrikettar til å fyre opp bål med! På søndag var me på skøyteisen og fekk testa dei! Dei brann som berre det!!

 
 

Slik lagar du dei:

  • Legg restar av stearinlys i ei skål eller boks/skål av plast eller stål, og set den i ei gryte med varmt vatn på komfyren
  • Fest ein sytråd i tørre grankongler
  • Dypp konglene i det smelta stearinet, og heng dei opp til tørk (legg avispapir under!!)
  • Gjenta dyppinga minst èin gong!
  • Når stearinet er kaldt og har stivna, fjerner du sytråden
Effektive, miljøvenlege opptenningsbrikettar!!!
 
 
 
Lykke til:)
 
Silje

4 kommentarer:

  1. Guuu så kult... takk for fine kommentara inne hos meg!! <3

    Sånne tennbrikketta trur eg jaggu me skal laga oss... grååådig praktisk!!

    Klems Diana.

    SvarSlett
  2. Dette var en god ide. Og veldig artig for barna å være med å lage :-)

    SvarSlett
  3. ...og dekkorative ikkje minst! Det var ein super ide! Fin pakke frå ungane, som dei alltid er ja, enig der;)

    Klem Gina

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)