søndag 27. januar 2013

Makeover

Tripp Trapp stolen til Stokke såg for første gong dagens lys i 1972! Og den er fremdeles nesten obligatorisk rundt alle spisebord der det fins små barn. Eg syns Tripp Trapp stolen er både fin og praktisk, og brukte sjølv ein slik stol frå eg var 1 år til eg var ferdig på ungdomsskulen! Eg har fremdeles Tripp Trapp stolen min. No er det eldstemann som brukar den, og den har fått seg ein aldri så liten "makeover", frå mørk brun til knall turkis! Stolen til nr. 2 fekk me brukt, også den har fått seg eit par strøk med farge!
Stolen er pussa godt ned med grovt sandpapir, og vaska med salmiakk. Den har så fått seg eit strøk med grunning, og to strøk med blank maling!



 Det er altså ikkje nødvendig å gå i butikken og bruka masse pengar for å få seg ein fin Tripp Trapp! Finn.no eller eit loft, og litt maling, så er du der:)

(Og heldige som me er så kom det ein splitter ny, kvit stol på døra når minstefrøkna vart 1/2 år! Heilt greitt, sidan eg var bittelitt lei av å male Tripp Trapp!)


Og lurer du på korleis du kan lage ein surrelampe som på det 2. bildet? Det kan du sjå her!

Velkomen til nye følgjarar, det er stas for ein nybegynnarbloggar som meg:)

Fin veke til alle!

Silje

6 kommentarer:

  1. Stolen ble kjempe fin :-) Hos mine foreldre står en tripp trapp som var rød i 1973, tror jeg må frem med rødmalingen:-) Takk for at du deler alle dine flotte tips med oss!

    SvarSlett
  2. Flotte stoler du har malt! Eg lurer veldig på å male vår.. Men har liksom ikke giddet. Den er kirsebærfarget. Vurderer hvit el svart. Fin ny uke til deg:-)

    SvarSlett
  3. Tavlen min er kjøpt på en lokal butikk her jeg bor som heter Trend og Nostalgi!

    SvarSlett
  4. Stolene ble kjempefine!
    Ha en fin kveld!
    Anette

    SvarSlett
  5. Kjempefin! Og morsomt å se, for dette er vårt neste prosjekt også :) Minsta har fått seg en lilla tripptrapp, og storebror har en mørkebrun en som vi har tenkt å male turkis :-D

    Tar du av alle delene før du maler, eller satser du på å ha setene i samme høyde fremover?

    SvarSlett
    Svar
    1. Den lilla er malt med platene på, og på den turkise tok eg dei av. Var mykje arbeid å mala dei når dei ikkje stod på stolen, for då måtte eg legge dei på ein krakk, og vente til malingen var heilt tørr før eg snudde dei, og dette måtte jo gjentas tre gonger! Me har flytta platene etter at den lilla er malt, og det viser nesten ikkje. Trur det er bare eg som legg merke til det...men det kjem an på on ein er perfeksjonist, eller litt lat(som meg...)
      Lykke til :-)

      Slett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)