torsdag 3. januar 2013

Skatte(lampe)jakt!

Godt nyttår alle! Då er jula over, og all julepynten tatt vekk. Det blir liksom alltid så tomt etterpå, sjølv om det var like tomt for berre 2 veker sidan. Så då må det fyllast på litt!
Eg har vore på skattejakt i kjellaren heime hjå pappa, og der fann eg to lampar som eg godt kan hugse på "arbeidsrommet" frå eg var liten!


 
 Denne grå lampen kjøpte pappa då han begynte å studere i 1967, eller der omkring! Det var visst ein stor investering! Den har følgt han gjennom mange års studier på universitetet, og  deretter gjennom mange år på arbeidsrommet heime. Og no gjer den nytten som dekorativ lampe midt i stova mi. Noko som får pappa til å riste på hovudet.
 
 
 
Og dette er mamma sin gamle lampe som ho hadde på syrommet då eg v ar liten! Litt meir fargerikt der ja;) Denne har fått plass på mitt syrom! *mimre mimre*.
 
 
Fin torsdag til alle, med eller utan jukepynt!
 
Silje

2 kommentarer:

  1. Sånn lampe (som den gule) hadde jeg også da jeg var liten. Husker at jeg på en eller annen måte alltid klarte å klemme fingrene i den. Kanskje var den litt farlig.... eller kanskje var jeg litt klønete :) Uansett, koselig å se den igjen.
    Ha en fin kveld!
    Anette

    SvarSlett
  2. Så fantastisk fint med slike lamper fulle av historie - de ser jo ut som de var nye! Godt nytt år til deg :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)