onsdag 9. januar 2013

Te til oppmuntring

Eg vart så glad for dei personlege teposane eg fekk til jul, så no har eg kopiert ideen, og laga mine eigne teposar! Eg har lagt ei ss fruktte i kvart tefilter, lukka den med stiftemaskin, og festa på fine lappar med passande ord og setningar.
Det er koselig å gleda andre med små gåver i kvardagen, og det skal eg gjera meir av dette året:)Desse teposane skal eg gi vekk til ei venninne i "oppmuntringsgåve":)



Tefiltrene er kjøpt på helskostbutikken. Dei er ganske høge, så eg har rulla dei ned før eg har stifta dei.  Lappane er laga av retroark frå Søstrene Grene.  (Søstrene Grene bloggen er forresten verdt å følgje med på! Mange gode tips!!)
 
 Bokstavane er frå ei Dymo maskin av den gode gamle sorten. Den er å få kjøpt på Clas Olsson for ca 100 kr.

Ein gammal teboks har fått nytt liv!
  
Og så ein kopp til meg sjølv...





Fin kveld alle:)
Silje





 

5 kommentarer:

  1. Kor koseleg gåve til oppmuntring!
    Eg er sikker på at veninna di vert glad 'inni seg' for kvar kopp te ho nyt av desse ;)
    Siri

    SvarSlett
  2. Super koselig gave og ikke minst god ide :)
    Ha en strålende dag, klem Kristin

    SvarSlett
  3. Hei høpp!

    Smart tips!!Koselig med små lapper
    med fine ord:)

    Takk for fine ord fra deg!!

    Klem Linda:)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)