fredag 4. januar 2013

Tova vottar

Eg bruker berre strikkevottar, evt. med vanntette vindvottar utenpå, både til meg sjølv og ungane. Tova vottar held hendene varme og gode sjølv om dei blir litt fuktige, og så tørkar dei fort!

Her er framgangsmåte på eit par enkle, fine, og supergode tova vottar! Vottane er strikka i pt2. Dette garnet egnar seg godt til toving, og vottane blir "lause" og fine!

 
 

 

Framgangsmåte:

Herre - Dame - Barn (7-9 år)
Garn: Dobbel Pt2 (100 g til dame)
Pinne nr 5
 
- Legg opp 40 - 34 - 3o masker
- Strikk første omgang vrang
- Strikk 3 omg rett
- Gjenta dette til du har 6 - 5 - 4 vrange omg
-Strikk glattstrikk 9 - 7 - 6 cm
- Ta 8 - 7 - 7  masker over på ein tråd/ hjelpepinne, og legg opp like mange nye masker bak
- Strikk 14 - 12 - 9 cm glattstrikk
 
Felling:
- Fell ei maske i byrjinga av kvar pinne
- Strikk 2 omg utan felling
- Fell ei maske i byrjinga av kvar pinne til du har 8 masker igjen. Dra tråden gjennom dei siste maskene.
 
Tommel:
- Ta maskene frå tråden og maskene du har lagt opp,  over på 4 pinnar.
- Hent opp 2-1-1 maske frå kvar side
- Strikk 9 - 8 - 6 cm
- Fell som på votten, men kvar omgang.
 
Fest trådane. Vask i maskina på 40 grader med ein kork grønnsåpe, form vottane når dei er våte. Om du vil ha dei meir tova, kan du tova dei ein gong til på 40 eller 60 grader.
 
Lykke til:) 
 
God helg!
 
Silje
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar:)