torsdag 28. februar 2013

Hermetikk og barnematglas...

Så enkelt kan det gjerast. Surr litt garn rundt ein hermetikkboks eller eit glas, og vips har du fine vasar!

 
 
 

 Det svarte glaset har eg malt på innsida som HER!

Dette er jo supre vaser no når våren nærmar seg, og småtrolla kjem dinglande med løvetann og hestehov som skal stå framme til pynt:)

Fin dag til alle:)

Silje

onsdag 27. februar 2013

Dress blir til jakke...

Eg har vore på "byttedag" i barnehagen! Heilt genialt! Der fekk eg levert frå meg fleire bæreposer med ting og kler me ikkje treng lenger, og så fekk eg plukka med meg nokon skattar heim igjen! Eg fann blant anna ein blå dress i ullfrottè frå Nøstebarn. Føtene var allereie forlenga, og dressen såg godt brukt ut. Litt liten var den òg! Men den var liksom litt for fin til å gå ifrå! Så då var det fram med saks og symaskin, og vips så har eg ei skjønn lita jakke!

 


Eg klypte av buksa rett over skrittet, og la opp ein kant som eg pynta med bånd. Så klipte eg av ein bit frå kvart bein som eg brukte til å forlenga armane. Eg har beholdt brotet på armane, så stykket frå foten har eg sydd inn som eit "ekstra ledd" i armen. Hjerteapplikasjonen er ein lapp som eg har kjøpt på Nøstebarn!
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

tirsdag 26. februar 2013

Tilståing

I dag las eg eit innlegg på DENNE bloggen om ORDBEKREFTELSE. Fabelaktige Maja har nok irritert seg grøn når ho har kommentert blogginnlegg der ho må bekrefte at ho ikkje er robot!! Eg nikka veldig gjenkjennande når eg las innlegget, for dette har nemlig irritert meg litt òg! Eg har nemlig ofte problem med å sjå kva som står i ordbekreftelsen, og gir opp viss eg ikkje får det til på første forsøk. Eg har ikkje heilt skjønt kvifor folk har ordbekreftelse på bloggen sin, og har til og med lurt på om eg manglar nettvett når eg har valt å ikkje ha det! MEN så les eg:
 
"Er du usikker på om du har ordbekreftelse? Har du ikke deaktivert den, 
så har du den garantert, det er en standard innstilling i blogger. "
 
Usikker og usikker, eg var vel heilt sikker på at eg IKKJE hadde det, nettopp fordi det er så veldig irriterande å måtte tyda forvrengte tal og bokstavar! Men altså, no er den skrudd av, og det var enkelt. Framgangsmåte finn du HER.  
 
 
Nydelig fin tysdag til alle. Her skin SOLA!!!
 
Silje

mandag 25. februar 2013

Heimelaga påskeegg!

Kanskje litt i tidlegaste laget, men påsken kjem sikkert like brått på som alt mulig anna, så greitt å vere tidleg ute med dei viktige tinga! Ja, for påskeegg er VIKTIG, veldig VIKTIG!!!





 
Dette er "vanlege", mindre fine påskeegg kjøpt på Nille til 1 kr! (Sånne maks 5 per kunde påskeegg!). Eg har malt dei to strøk med kvit akrylmaling. Når malinga var heilt tørr brukte eg decoupage, og dekorerte eg dei med serviettar! På denne måten fekk eg personlege og fine påskeegg både til ungane og til mamma!
Desse egga var så kjekke å laga at i år trur eg det vankar påskeegg til fleire enn berre ungane!
Veldig enkelt og veldig billig, nett sånn som eg likar det:)

Genser blir bukse

Dei som kjenner meg veit at eg ikkje likar å kaste ting! Eg syns det er heilt supert å kunne skape nytt av gammalt, både når det gjeld interiør og kler. Akkurat no er eg inne i ein syperiode! (Ja, eg har sånne periodar!)



Dette er (eller VAR) mannen sin ullgenser! Av og til er mor litt ivrig i klevasken, så genseren blei litt knapp. Litt tova genser blei altså til ei varm og god ullbukse til 3-åringen! Buksa er sydd etter mønster i boka "brukt på nytt", men eg har valt å sy på ribb oppe og nede istadenfor strikk. Ribben nede er frå den opprinnelege genseren, og ribben oppe er jersey frå Stoff og Stil. Når eg ser på bildet her, så ser eg jo at det må litt applikasjonar til på buksa! Den ser litt GRÅ og kjedelig ut! Det får bli neste prosjekt!

Fin veke til alle:)

Silje

fredag 22. februar 2013

Redesign av klær

Dette er utslitt, tova, og for lite. Men alt for godt til å kastast! Ventar berre på at kreativiteten skal komma til meg, så skal det bli noko fint:)



 
Sola skin inn gjennom vinduet, og både symaskina, malekost, saks, lim og strikkepinnar får vere i fred! I dag har eg drukke kaffi på terrassen, juhu!! Men kjenner eg dette landet rett er det ikkje lenge til det ausar ned igjen. Då skal eg sy!!
 
God helg til alle!
 
Silje,den våryre...

torsdag 21. februar 2013

Pute til tripptrapp

No har eg endelig fått sydd pute til tripptrapp stolen, av det fine uglestoffet mitt:) Veit ikkje kor praktisk det er med sånn pute, men kanskje ein smule meir komfort for prinsar og prinsesser??

 

 

Mønsteret frå Stoff & Stil er beregna på den gamle typen tripptrapp, som den turkise over her. Men med litt triksing og miksing fekk eg det til sånn at den kan brukast til begge. Då kan den brukast etter at bøylen er tatt vekk òg. Puta er fylt med platevatt frå S&S, og stoffet er frå Jysk!

Fin dag til alle:)

Silje

tirsdag 19. februar 2013

På stumpane laus...

"Shopstop" er eit begrep som blir meir og meir omtalt i media. Det er blitt litt "poppis" å redusere forbruket, og stadig fleir inngår avtalar med seg sjølv om eit kjøpefritt år! Eg har ikkje kasta meg på denne trenden endå, men har fleire gonger tenkt at eg trur eg skulle klart det! Det er mykje ein kan få til ved å ta i bruk det ein faktisk har, bytte med andre, arve, redesigne og lage. Og dersom eg kunne få handla litt på gjenbruksbutikkar og stoff/garnbutikkar, ja då skulle eg jammen klart det! Lurer på kor mykje penger ein kunne spart på dette iløpet av eit år? Kanskje ikkje så mykje? Eg handlar lite til meg sjølv allereie, og til ungane handlar eg berre det som er nødvendig. Men når eg tenker meg om, så hadde eg nok spart litt likevel!!

Uansett, eg har laga ei gåve i dag. Den kosta ingenting, for eg laga den av ting eg allereie hadde i huset. Det mest kostbare var vel det eine kronelyset eg måtte ofra fordi eg ikkje hadde veik!
 Ideen fekk eg HER!

 Dette lyset er laga av ein tom maisboks, lysstumpar, veiken i eit kronelys, og litt dekorasjonspapir!
 
Fest eit lodd (for eksempel. ein liten stein) i enden på veiken, og fest den i ein pinne i andre enden.
 
Legg lysstumpar i boksen, og la det stå i varmt vannbad til alt er smelta. Ta boksen ut av vannbadet, og la det stå til det er stivna.
 
Pynt og dekorèr:)
 
 
Det er jo supert å kunne gi vekk ei gåve ein har laga sjølv, og som er heilt gratis! Sikkert kjekt å få òg...det håpar eg i alle fall!
 
Vil du lese meir om det å ha eit kjøpefritt år? Sjå HER!
 
Fin tysdag, med eller utan shopping:)
 
Silje


mandag 18. februar 2013

Finlandshette

Det er vanskelig å finna varme huer til små troll, som sit godt på, og som ikkje glir ned i augene eller vrir seg over halve fjeset når dei sit i vogn eller pulk! For første gong har eg strikka finlandshette, og er ganske fornøgd med resultatet:)

Fine Ine med hue og jakke i deilig nøstebarngarn

 Hua er strikka med to-tråd merino frå Nøstebarn, og mønsteret er henta frå boka "Strikk til nøstebarn". Hua blir lett og luftig, og for å få denlitt tettare har eg tova den lett i varmt vatn og grønnsåpe (for hånd).Hua sit perfekt på, og er varm og god!! Og det beste av alt: Eg strikka den på kun èin kveld!!

Kun mobil for hånd i dag, så bildekvaliteten er deretter...

Fin vekestart til alle:)

Silje

fredag 15. februar 2013

Happylights

Har vore innom tanken på å pynte med happylights i bryllupet vårt i sommar, men syns det blir i overkant dyrt sidan eg sikkert treng ganske mange for at det skal bli fint! Men i jakten på dekorasjonsstasj  ramla eg over ei side med billige Happylights, og fekk igjen for "nerdinga" framfor pc'en!



 Kvite lys. Gjer seg foreløbig som fin kontrastpynt på drivvedhylla!
 


 Rosa og blå lys som etter planen skal bli dekorasjon på jenterommet!
 
 
Lysene er kjøpt på ETSY  til den nette sum av 75 kr. Portoen er litt dyr, så for 2 stk må ein betale rett under 300 kr. Så gjeld det bare å ikkje handle for meir enn 200 kr kvar gong, då kan det fort bli dyrt...

God helg:)

Silje

onsdag 13. februar 2013

Hals med fleecefôr

Det er uvanlege tilstandar i bergensområdet når me snakkar klima! Det er minusgrader og SOL. Det er kanskje ikkje så uvanleg, men at det har vore slik i mange veker, ja det er uvanleg!!! Begynner å bli litt bekymra for om sola kan bli oppbrukt, og om me difor går mot nok ein regntung sommar. Nei, det vel eg å ikkje tru på!! Sol betyr lite inneaktivitetar, og masse uteaktivitetar! Det blir mindre strikking, sying og ommøblering (eller omnipsering...). Men ein må jo ha varme kle til dette kalde veret, så no har eg sydd halser/buffer/tuber/kall det kva du vil, med fleecefôr. Gode og varme!


 
 
...Kan òg brukast til hue...
 
Har brukt ei gratisoppskrift frå Stoff og Stil( den som heiter "tube"). Ytterstoffet er jersey, og innerstoffet er fleece. Begge deler frå Stoff og Stil. Denne halsen syr du på 15 min! Perfekt gåve, eller perfekt å ha sjølv;)
 
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

søndag 10. februar 2013

Kreativ mamma på morsdagen

Når eg kom opp trappa til stova i dag tidleg, stod det to forventningsfulle gutar i pysjamasen og venta på meg, med pakke i handa! Ærlige som dei er fortalte dei at det var pappa som har kjøpt den, og at dei hadde gløymt kva som var inni.
Flinke pappa altså, hadde kjøpt boka "kreativ mamma" til meg. Fin bok med masse tips og idear frå kreative bloggemammaer! PERFEKT!! Morsdag er kjekt:)

Bildet er lånt av Tanum.no

Fin søndagskveld:)

Silje

lørdag 9. februar 2013

Lysbrett

Eg har ramla over ein UTFORDRING igjen, og utfordringar er kjekt, så eg hiv meg på! Utfordringa er rett og slett å vise fram LYSBRETT!  Eg viser fram lysbrettet er har på spisebordet. Lyst og fint, klart for vår:)




 

Lysbrett og fuglehus frå Bohus, heimelaga kubbelys, telys dekorert med washitape, rekved, lysestaker frå Super Living, heimelaga vase med "gåsunger", og lyskopp frå Bloomingville. VÅREN er SNART her!!

Silje

Drømmegenser

I går gjorde eg ferdig det siste prosjektet eg hadde på pinnane! Det vil sei at eg for øyeblikket er prosjektlaus på strikkefronten, hjelpes, det er lenge sidan!!
Drømmegenseren har eg hatt liggande halvferdig sidan i haust! Det skulle egentlig bli ein deilig haustgenser, derav fargen! Men det blei ein tidleg vårgenser i staden!


Vanskelig å få fram den fine fargen på bildet, men den er sennepsgul og veldig fin:)
 
Ikkje enkelt å få fram korleis genseren ser ut på når einaste tilgjengelige fotografane er 3- åringen, 5- åringen, eller meg sjølv! For litt meir proffe genserbilder ta ein kikk HER! Eller du kan sjå på framtida på denne vekas KK!
 
 
Genseren er strikka etter mønsteret "Drømmegenser" frå Pickles. Den skal egentlig strikkast i angora, men eg valgte Drops Alpakka for å få den litt mindre "pusete". Eg ser no i ettertid at den sikkert hadde vore finare i orginalgarnet, og angrer bittelittegranne. Meeen, kanskje det blir ein til??!
 
Fortsatt fin helg!
 
Silje
 

fredag 8. februar 2013

♥Fretex♥

Fretex er ein slik butikk ein ikkje må gi opp, ein butikk som må få fleire sjansar! Helst kvar veke! Eg er stadig innom Fretex, og eg går ofte tomhendt ut derifrå. Og eg er alltid innom Fretex når eg er på nye plassar, sjølv om eg er livredd for å finna noko som eg berre må ha, men som er så stort at eg berre ikkje får det med meg!!
På måndag var eg innom Fretex i forbifarten, 5 minutt før stengetid! Og der stod den. Hylla som eg har leita etter lenge! Hylla som er akkurat like brei som veggen mellom stova og kjøkkenet der ingenting passar, fordi veggen er så smal!
125 kroner, og tre strøk med maling!


Som skapt for veggen!
 
 
 Heimelaga vasar. Framgangsmåte finn du her!

Flaska som ein gong på 60-talet inneholdt teknisk sprit på Universitetet i Bergen, egnar seg supert som vase!
 
God helg alle:)
 
Silje

tirsdag 5. februar 2013

Babysokkar

Dette er verdens beste babysokkar, fordi dei faktisk heng på foten meir enn 10 minutt om gongen! Dei er enkle og raske å strikke!



Sokkane er strikka på to pinnar og sydd saman til slutt. Strikka på pinne 2,5 i Drops alpakka. Mønsteret er frå boka "Myk start"! 


Silje:)

mandag 4. februar 2013

Kontrastfylt

Utfordringa på Nib denne månaden er kontraster i interiøret! Vår heim er fylt med kontraster, då interiøret er eit sammensurium mellom mange ulike stilar, der det er både nytt, gammalt, kjøpt, heimelaga, grått, svart, kvitt og fargerikt!
Tråden i det heile er sjel og personlig!



 
 


 
 
 
 





Andre kontrastar finn du her! Mykje fin inspirasjon til litt kontrastar i kvardagen!

Fin veke:)

Silje