onsdag 13. februar 2013

Hals med fleecefôr

Det er uvanlege tilstandar i bergensområdet når me snakkar klima! Det er minusgrader og SOL. Det er kanskje ikkje så uvanleg, men at det har vore slik i mange veker, ja det er uvanleg!!! Begynner å bli litt bekymra for om sola kan bli oppbrukt, og om me difor går mot nok ein regntung sommar. Nei, det vel eg å ikkje tru på!! Sol betyr lite inneaktivitetar, og masse uteaktivitetar! Det blir mindre strikking, sying og ommøblering (eller omnipsering...). Men ein må jo ha varme kle til dette kalde veret, så no har eg sydd halser/buffer/tuber/kall det kva du vil, med fleecefôr. Gode og varme!


 
 
...Kan òg brukast til hue...
 
Har brukt ei gratisoppskrift frå Stoff og Stil( den som heiter "tube"). Ytterstoffet er jersey, og innerstoffet er fleece. Begge deler frå Stoff og Stil. Denne halsen syr du på 15 min! Perfekt gåve, eller perfekt å ha sjølv;)
 
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

5 kommentarer:

  1. Den så deilig og varm ut. Kjekt med lure prosjekter som tar kort tid, det liker jeg. Blir fort litt utålmodig hvis ting tar for lang tid :)
    Nyt sola og uteværet, det blir tidsnok dårlig vær og med alt for god tid til inneaktiviteter :)
    Anette

    SvarSlett
  2. Kjempefin buff.
    Kos deg i sola

    SvarSlett
  3. Så flink du er som kan sy :)

    Ønsker deg en fortryllende alle hjerters dag, fine du <3
    -Maiaklem

    SvarSlett
  4. Så kjekt at du likte bloggen min og la deg til som følgar! :)

    Jammen mange gode ideear her inne hjå deg! Har bladd meg et stykke tilbake og her var mykje spennande! Og kom gjerne med innlegg om bryllupsforberedingar! Det er jo så kjekt å planlegge slikt!! :D Det er i år fem år sidan vi gifta oss, men eg elskar slikt dill, og overfører gjerne ideear til andre arrangement ;)

    Eit lite tips er å gå for kubbelys framfor te-lys.. dagen vert lang, og det kan vere kjekt å fokusere på seg sjølv og gjestane, framfor å bytte te-lys kvar tredje, fjerde time.. ;)

    god helg! klem!
    Helsing din nye følgar Idun ;)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)