tirsdag 19. februar 2013

På stumpane laus...

"Shopstop" er eit begrep som blir meir og meir omtalt i media. Det er blitt litt "poppis" å redusere forbruket, og stadig fleir inngår avtalar med seg sjølv om eit kjøpefritt år! Eg har ikkje kasta meg på denne trenden endå, men har fleire gonger tenkt at eg trur eg skulle klart det! Det er mykje ein kan få til ved å ta i bruk det ein faktisk har, bytte med andre, arve, redesigne og lage. Og dersom eg kunne få handla litt på gjenbruksbutikkar og stoff/garnbutikkar, ja då skulle eg jammen klart det! Lurer på kor mykje penger ein kunne spart på dette iløpet av eit år? Kanskje ikkje så mykje? Eg handlar lite til meg sjølv allereie, og til ungane handlar eg berre det som er nødvendig. Men når eg tenker meg om, så hadde eg nok spart litt likevel!!

Uansett, eg har laga ei gåve i dag. Den kosta ingenting, for eg laga den av ting eg allereie hadde i huset. Det mest kostbare var vel det eine kronelyset eg måtte ofra fordi eg ikkje hadde veik!
 Ideen fekk eg HER!

 Dette lyset er laga av ein tom maisboks, lysstumpar, veiken i eit kronelys, og litt dekorasjonspapir!
 
Fest eit lodd (for eksempel. ein liten stein) i enden på veiken, og fest den i ein pinne i andre enden.
 
Legg lysstumpar i boksen, og la det stå i varmt vannbad til alt er smelta. Ta boksen ut av vannbadet, og la det stå til det er stivna.
 
Pynt og dekorèr:)
 
 
Det er jo supert å kunne gi vekk ei gåve ein har laga sjølv, og som er heilt gratis! Sikkert kjekt å få òg...det håpar eg i alle fall!
 
Vil du lese meir om det å ha eit kjøpefritt år? Sjå HER!
 
Fin tysdag, med eller utan shopping:)
 
Silje


3 kommentarer:

  1. Det vart nok ein dag utan shopping - som vanleg :) Fint ljos!

    Renemann

    SvarSlett
  2. Ja, eg tenkte på at viss eg skal ha eit kjøpefritt år,må eg inngå avtale med nokon. Du var den einaste eg kom på som kanskje vart med på det;) Renemann...Eg ler

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)