fredag 22. mars 2013

Ferie, ski, påskeegg og strikketøy


Ja, det skal det forhåpentligvis bli mykje av dei neste 10 dagane! Som mamma i permisjon, og med dei to eldste barna i barnehage er det kanskje meir "ferie" når det ikkje er ferie. Men det er stas når alle har fri, og me kan pakka bilen frå golv til tak (og oppå tak), og reise på påskeferie, alle saman ilag, i mange dagar! Værmeldinga seier sol frå ende til annan, og "heime" på Voss ligg snøen klar og ventar på oss! I bilen er det pakka ski, påskeegg, Jazzbillett og strikketøy (og litt andre småting...)
FERIE er GODT!!!


 Bukse til Vemund på 3,5 år! Han har bestillt den, og bestemt fargane sjølv. Koselig! Buksa er strikka i dobbel 2-tråds merinoull.  Mønster frå nøstebarn.

Nytt garnlager er kjøpt inn. Ull/silke frå Nøstebarn er det aller beste garnet å strikka i! Mjukt og godt!! Dette skal bli til små babyplagg til nye familiemedlemmer *kos*!


GOD PÅSKE:)

Silje

tirsdag 19. mars 2013

Dukkekle

Denne dukka har vore i familien i fire år. Me måtte kjøpa ho då eldstemann var 1,5 år og kjempefrustrert over å ikkje få låna dukkene til nabojentene. Dukka har vore flittig brukt, som sverd, som pasient, som ball, som busspassasjer, og mykje anna rart. Den gule syntetiske pysjen som var på då me kjøpte ho er vekke for lengst, og ho har vore naken i fleire år!! Men no når me har fått ei lita frøken i huset skal dukka få eit nytt liv. Eit dukkeliv, med kos og stell! Så no har ho fått på kler. Heimastrikka sjølvsagt!

 
Ein alt for stor genser. Men det passar egentlig fint sidan ho ikkje har fått bukse endå!
Gensaren er strikka etter mønster i boka "brukt på nytt". Boka har mange fine mønster til dukkekler som er enkle å strikke!
 
Fin kveld til alle!
 
Silje

mandag 18. mars 2013

Før - etter - før...




Ambivalent? JA!! For ei tid tilbake kvitvaska eg det gulna eikebordet vårt! Var strålande fornøgd med resultatet...eit par veker...men så var det eit eller anna, som eg ikkje heilt kan setta fingeren på, som gjorde at eg ikkje heilt likte det likevel! Så her kjem nokon før - etter - før bilder:)



Sånn såg bordet ut i utgangspunktet. Gulna av sola etter å ha stått ved dei store vinduene.
 
Bestemte meg for å kvitvaske bordet istedenfor å olje det. Resultatet blei fint, men ikkje heilt sånn som eg ville hadet likevel...Så i går fann eg fram sandpapir og begynte å pussa med stort mot. Mannen såg rart på meg frå sofaen. Etter at eg hadde pussa ein halvtimestid trur eg han var litt oppgitt over tempoet. Eg fekk i alle fall hjelp, sjølv om han ikkje heilt forstår seg på alle prosjektene mine... Me pussa og pussa og pussa, det var MYKJE arbeid, men verdt det!!
 
 

 
Og resultatet blei strålande. Er så fornøgd med det nypussa bordet at eg trur det berre må bli sånn! Kanskje litt kvitpigmentert olje etter kvart, men det blir med det! ...trur eg...
 
 
 Innlegget om kvitvasking finn du HER!
 
 



Og så eit bilde av dei nye putene mine. Kjøpt på ellos.no for ein billig penge! FINE!!
 
Fin dag i vårsola:)
 
Silje

onsdag 13. mars 2013

Hermetikk

Hermetikkboksar er perfekt til oppbevaring av ting og tang. Spesielt dei boksane som har lokk! Med dekorasjonspapir og limstift kan ein trylla fram dei finaste boksane!





Her har eg brukt valøttboksar, honningboks og salsadipboks. Fine boksar til oppbevaring av krydder, te, smokkar, knappar, kaffi, hårpynt og anna "rot"! Like fine på kjøkkenet som på barnerommet:)
 
 
Fin pynt på kjøkenhylla:)
 
Fin dag i vårsola:)
 
Silje

tirsdag 12. mars 2013

Skattejakt igang!

Snøen er vekke, isen har smelta, og det er tid for å finna ut kva som har lagt seg i fjøresteinane iløpet av vinteren! Eg får aldri nok av denne drivveden, eller rekveden, og det fins ikkje grenser for kva den kan brukast til! Eg syns det er skikkelig spennande å gå langs sjøkanten å leita, og finn eg noko går eg heim med følelsen av å ha gjort eit skikkelig kupp:) Planen min er å ha litt drivved på bordet i bryllupet, så eg kjenner eg er ekstra ivrig etter å kome i gang med årets skattejakt!



Årets fangst så langt!


 
 
 
Og så litt bilde av tidligare prosjekt:
 
 



 
 
 
 
Tusen takk for alle innspel i forrige innlegg:)
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

 

fredag 8. mars 2013

Vår i all sin enkelhet...

Det er lyst, det er "varmt", og sola skin gjennom dei skitne vinduene og belyser alt støvet! Det er herlig!!
Bryllupsplanlegging har fått meg til å tenka meir på blomar enn det eg vanligvis gjer! Som ein del av planlegginga er det no nesten alltid friske blomar på bordet, og det er IKKJE vanlig her i huset! Ulike sortar, i ulike vasar! Må jo prøva meg fram! Me vil ha det litt enkelt, og det skal vera litt "oss"! Ja, så då blir det kanskje litt heimelaga då!?


 




Nellik i barnemat,- og syltetøyglas, og eit kubbelys på eit stykke drivved. Enkelt, fint og "heimelaga". Ikkje lett å bestemma seg i ein jungel av fine blomar. Kanskje eg må laga til ein utfordring her på Bloggen for å få litt hjelp!?

God helg til alle:)

Silje

onsdag 6. mars 2013

Spraymalingen fortset...

Og denne gongen er det ein lampe som får seg ein makeover. Lampen er kjøpt på same plass som messinglysestaken i forrige innlegg, på Brukt'n på Voss! STOR bruktbutikk med MASSE rart!! Billig er det òg, nokon gonger er det nesten gratis, og varene er prutbare:) Vel verdt eit besøk altså!!

 
Som VANLIG er eg så ivrig i arbeidet at eg gløymer å ta "før-bilde" av den stygge gjenstanden. Men lampen hadde altså messingfot, og "skotskrutete" skjerm. Lukk augene og sjå det for deg! Den hadde passa perfekt på ei hytte i fjellheimen hand i hand med furuveggane:) Eg klipte til eit kvitt stoff til lampeskjerm òg, men fann ut at det vart så varmt at det var på grensa til branfarlig. Den blir som den er til eg har kjøpt sparepære som ikkje blir varm. Men når eg ser på den sånn som den står no, er eg jammen ikkje sikker på om det blir skjerm. Syns den var tøff sånn eg...

tirsdag 5. mars 2013

Messinglysestake & Spraymaling

Det florerer av billige messinggjenstandar i bruktbutikkane. Eg har aldri likt messing så godt, men med litt spraymaling blir dei kjempefine likevel. Egentlig litt for kaldt ute for spraymaling, men det er plussgrader, så det går! Denne lysestaken blei dessverre ikkje heilt vellykka (kanskje fordi det var for kaldt, hehe...) men det er "heimelaga", og då toler me at det er litt ujevnt!

 
 


 
 
 
Og når me er lei av svart, ja då er det berre å dra fram spraymalingen igjen;) Neste veke er den kanskje kvit, kven veit!?
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

mandag 4. mars 2013

Ny bok!

I April kjem det ei ny kreativ bok; "HANDMADE -Norges beste syoppskrifter"!


 
Eg har ei greie for sybøker, og denne boka står øvst på ønskelista mi akkurat no. Omslaget seier meg at dette er ei fin bok, og eg gler meg:)  Ønsker du deg eit eksemplar? Då kan du delta på konkurransen på Bloggen til bidragsytar House of hopen, eller på bloggen til bidragsytar Ellen Sand
 
Fin kveld til alle!
Silje

 
 

fredag 1. mars 2013

Orden i sy (strikke) sakene

2 nye strikepinneetui! Supre til å halde orden på strikkepinnane, og eit must for alle med meir enn eit sett med strikkepinnar:)



 
Framgangsmåte finn du HER!

God helg, med eller utan orden!!

Silje