tirsdag 19. mars 2013

Dukkekle

Denne dukka har vore i familien i fire år. Me måtte kjøpa ho då eldstemann var 1,5 år og kjempefrustrert over å ikkje få låna dukkene til nabojentene. Dukka har vore flittig brukt, som sverd, som pasient, som ball, som busspassasjer, og mykje anna rart. Den gule syntetiske pysjen som var på då me kjøpte ho er vekke for lengst, og ho har vore naken i fleire år!! Men no når me har fått ei lita frøken i huset skal dukka få eit nytt liv. Eit dukkeliv, med kos og stell! Så no har ho fått på kler. Heimastrikka sjølvsagt!

 
Ein alt for stor genser. Men det passar egentlig fint sidan ho ikkje har fått bukse endå!
Gensaren er strikka etter mønster i boka "brukt på nytt". Boka har mange fine mønster til dukkekler som er enkle å strikke!
 
Fin kveld til alle!
 
Silje

3 kommentarer:

  1. Koselig å se at det ikke bare er jeg som liker å leke med dukker :) Jeg er også glad i den boka, men har helt glemt at der var oppskrift på dukkeklær. Det må jeg sjekke ut :)

    SvarSlett
  2. Wow you are a great artist, your blog is very interesting and beautiful, congratulations and kisses from Spain.

    http://redecoratelg.blogspot.com.es/

    SvarSlett
  3. Det er så utrulig masse flott ein kan strikke til dukker,heilt fantastisk masse skjønnt:)
    Ønsker deg ein fine dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)