mandag 18. mars 2013

Før - etter - før...




Ambivalent? JA!! For ei tid tilbake kvitvaska eg det gulna eikebordet vårt! Var strålande fornøgd med resultatet...eit par veker...men så var det eit eller anna, som eg ikkje heilt kan setta fingeren på, som gjorde at eg ikkje heilt likte det likevel! Så her kjem nokon før - etter - før bilder:)



Sånn såg bordet ut i utgangspunktet. Gulna av sola etter å ha stått ved dei store vinduene.
 
Bestemte meg for å kvitvaske bordet istedenfor å olje det. Resultatet blei fint, men ikkje heilt sånn som eg ville hadet likevel...Så i går fann eg fram sandpapir og begynte å pussa med stort mot. Mannen såg rart på meg frå sofaen. Etter at eg hadde pussa ein halvtimestid trur eg han var litt oppgitt over tempoet. Eg fekk i alle fall hjelp, sjølv om han ikkje heilt forstår seg på alle prosjektene mine... Me pussa og pussa og pussa, det var MYKJE arbeid, men verdt det!!
 
 

 
Og resultatet blei strålande. Er så fornøgd med det nypussa bordet at eg trur det berre må bli sånn! Kanskje litt kvitpigmentert olje etter kvart, men det blir med det! ...trur eg...
 
 
 Innlegget om kvitvasking finn du HER!
 
 



Og så eit bilde av dei nye putene mine. Kjøpt på ellos.no for ein billig penge! FINE!!
 
Fin dag i vårsola:)
 
Silje

6 kommentarer:

  1. gjekk kva pute eg sitte m ryggen mot....?? hahaa..... fikk pakke av ellos på lørdag.... no ler eg... :)

    Bordet var fint no.... :)

    Klems Diana.

    SvarSlett
    Svar
    1. Er det sant?? Haha! Har du kjøpt den med sykkelen på og?

      Slett
  2. Resultatet ble kjempe bra :)) kule puter!
    La meg til som følger :)
    Ha en fin dag, klem Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Så koselig at du vil følga meg:)
      Silje

      Slett
  3. Av og til er det sånn at noe man tror blir fint, ikke blir som man hadde håpet. Da er det jo supert når man fikse litt på det siden :)

    SvarSlett
  4. har akkurat samme eikebord som deg. planen er å ta det ut i sommer og pusse det (med pussemaskin) - for så å olje med hvitpigmentert olje......
    Har eikeplater på kjøkkenet - mulig de får en runde også om dette blir vellykket

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)