mandag 29. april 2013

Retro Elefant!

Inspirert av dei mange fine elefantane som er å sjå på sybloggane rundtomkring, har eg sydd denne fine retro vognleika!




Elefanten er sydd av stoff kjøpt på gjenbruken. Den er fylt med vatt og eit kinderegg med makaroni inni. Perlene er kjøpt på TGR, og snora har eg dradd ut av ullbuksa til Aron!
Mønsteret har eg teikna sjølv; ikkje så fryktelig komplisert akkurat! Så får me håpa at mottakaren set pris på litt 70-tals inspirerte leiker:)

Fin veke til alle!

Silje

fredag 26. april 2013

Omslagsjakke

I går kom ein liten prins til verda, og eg er heldig som er blitt tante igjen!! Den glade nyheita fekk fart på strikkepinnane, og eg fekk gjort ferdig denne fine omslagsjakka.



Jakka er strikka i silkeull frå Nøstebarn, mjukt og lett, og perfekt no til våren! Mønsteret er også frå Nøstebarn! Av alle strikkeplagg eg har hatt til ungane mine, er denne jakka ein soleklar favoritt det første året!! Enkel å strikke er den òg!

Fin helg til alle! Her i huset er me godt i gang med forberedelsane til sjørøverbursdag for (snart) 6-åringen! Puh...

Silje

onsdag 24. april 2013

Rillegenser

Ine har funne ut at det er godt å tygge på knappane i jakkene sine, noko som har resultert i fleire avtygde knappar...skummelt! Alle jakker er derfor lagt vekk inntil vidare. Jakkene blir erstatta med genserar og omslagsjakker, for strikkekler må me ha!!



Denne gensaren er strikka fram og tilbake med tjukt garn og tjukke pinnar, eit raskt prosjekt med andre ord! Mønsteret er frå pt design, baby nr. 14.
Eg har brukt pt sitt garn "Chiri", og pinnenr. 4
 
Fin dag til alle:)
 
Silje

torsdag 18. april 2013

Uro på jenterommet!

Jenterommet er nymalt og begynner å bli klart til at Inemor kan flytta inn. Rommet er malt kvitt med ein kontrastvegg. Eg har sett for meg ein dus,  mintgrøn farge på kontrastveggen, og skuffelsen blei derfor stor når veggen var ferdigmala, og det viste seg at den var LYSEBLÅ! Litt nedtur når ein har to gutar frå før, og endelig skal få laga jenterom! Eg er litt lat når det kjem til maling, så det er stor usannsynlighet for at eg kjem til å gjere noko med det! Så no har eg begynt å dekorere rommet, så får me sjå eterkvart om blått er ok, eller om eg må svinga kosten igjen!

I går laga eg ein fin URO som skal henge over senga. Den er laga av grillpinnar, hamptråd og treperler frå TGR.


 
Kanskje blir rommet fint likevel, med det rette tilbehøret? Me får sjå....
 
Fin (våt) dag til alle
 
Silje
 

tirsdag 9. april 2013

Hekledilla

Eg har fått hekledilla! Heilt super aktivitet kombinert med kaffikoppen ute på terrassen! Denne gongen ei bommullshue i blåfargar, til tøffe treåringen vår:)

Fine modellen min...

Hua er hekla i billig bommullsgarn frå Nille. Heilt greitt garn til dette bruket!

Nok ein fin soldag til alle:)

Silje

søndag 7. april 2013

Vil du hekle lue?

Då kan eg fortelje deg korleis du skal gjere det:) Det er fleire som har spurt etter framgangsmåte på heklelue, så her kjem ei forklaring!
Meg og Ine på ein av maaaange flotte turar denne våren! Sola er grunnen til lite innandørs hobbysyslerier for tida:)

Eg bruker som regel "vanlig" ullgarn, som for eksempel Drops "Karisma". Til dette garnet bruker eg heklekrok nr. 4. Dersom du vil hekle sommerlue i bomull er det lurt å gå ned til heklekrok nr3.

lm= Luftmaske
kjm= Kjedemaske
fm= Fastmaske
NB! Du skal erstatta 1.fm i kvar runde med ei lm. Avslutt kvar runde med ei kjm i lm.

  • Start med å lage 6 lm som du hekler saman til ein ring med ei kjm.
  • 1.omgang: hekle 12 fm i ringen
  • 2. omgang: hekle 2 fm i kvar fm = 24 fm
  • 3. omgang: hekle *1 fm, 2 fm i neste* fortset frå *-* ut runden
  • 4.omgang: hekle *2fm, 2 fm i neste* Fortset frå *-* ut runden
  • 5 omgang: hekle *3fm, 2 fm i neste* fortset frå*-* ut runden
  • 6. omgang: hekle *4 fm, 2 fm i neste* fortset frå *-* ut runden
Om du vil ha lua vidare enn du har hekla hittil, må du fortsette med 4fm, 2fm i neste, ut runden.
(Ei lue som passar til meg har ca 70 fm i runden!)
Når lua er så vid som du vil ha den heklar du 1 fm i kvar fm kvar runde til lua er så lang som du vil ha den. Og så...FERDIG:)

Håpar dette var forståelig! Lykke til:)



No skal eg begynne å pusse opp rom til Ine! I morgon er det ut å kjøpe maling! Gler meg!!

Fin veke til alle:)

Silje

fredag 5. april 2013

Heklehue

Å hekle huer er supert som "avkoblingsarbeid" innimellom strikkearbeidene. Det tek ikkje mange timane å hekle ei slik hue, og dei er både varme og fine:)
 
 
Hua er hekla med Drops Karisma på pinne nr 4. Drops Karisma er mjukt og godt, det er 100 % ull, det klør ikkje, OG det er rimelig! Ein klar huefavoritt der altså!!
 

 Og med dette fantastiske vèret som har vore i dag (og alle andre dagar i det siste), var det vel strengt tatt ikkje bruk for hue. Men har ein ny hue så har ein ny hue.

Deler gjerne framgangsmåte viss nokon er interessert:)

God helg:)

Silje
 

torsdag 4. april 2013

Vår = symaskintid

Våren er her, endelig!! Og for meg betyr våren ny energi, positivitet, FARGAR, husvask, og symaskin. Det blir mindre og mindre strikking jo varmare det blir ute, og sying er super kveldsaktivitet på våren og sommaren. Denne våren skal eg begynne på jobb igjen etter eit år i permisjon. Håpar eg får tid til å trylla fram nokon fine plagg til dei små i familien likevel:) Og så må det jo syast litt sminkepungar!

Då eg kom heim frå påskeferie venta det ein liten pakke i postkassa. Og innhaldet er bare til å bli glad av:)


 
Herlige retrostoff i fantastiske fargar og mønster. Stoffene er kjøpt hjå ARVINGEN. Er du glad i retrostoff er denne fine bloggen vel verdt eit besøk:)
 
Stoffene skal etter planen bli sminkepungar og mobiletui, men dei er så fine at eg veit ikkje om eg greier å klippa i dei! Kanskje eg må bestilla litt meir!?
 
Fin vårdag til alle:)
 
Silje

tirsdag 2. april 2013

Ribbebukse

Endå ei strikebukse er ferdig, og tatt i bruk under utedressen!

 
Buksa er strikka i dobbel to tråds merinoull, og etter mønster frå nøstebarn. På denne buksa er det strikka 1 rett og 1 vrang, i stadenfor 2 rett og 2 vrang som på den "gamle" modellen.

 
Mjuk, varm og elastisk bukse som er super å ha under utekler både vår, haust og vinter!
 
Fin kveld til alle:)
 
Silje

mandag 1. april 2013

Redesign - utfordring

DER var påskeferien over, og me er klar for kvardagen igjen! Det har vore tidenes påskeferie, med store mengder familiekos, sol, ski, godteri!! Men sjølv om påskeferien har vore fantastisk er det godt å kome heim, det er godt å sove i eiga seng, ete kvardagsmat, og drikke kaffi av favorittkoppen. Og så er det godt å slå på pc'en igjen. Så no når ferien er over kan eg vekka bloggen til liv igjen òg!!

Bloggen My Dream har ein utfordring på gang. Utfordringa går ut på å vise fram eige redesign. Redesign er det kjekkaste eg veit!! Det er fantastisk å kunne lage nye, fine ting av gammalt skrot!




 
Dette pallebordet laga eg som ei midlertidig løysing i påvente av å finna eit bord som passa til sofaen vår. Det begynner å bli ganske lenge sidan no, og den midlertidige løysinga er i ferd med å bli permanent. Bordet er praktisk med hjul, og god oppbevaringsplass. Det er stort og robust, og det beste av alt; eg treng ikkje vere redd for hakk og riper!!
 
Bordet er laga av ein europalle som er kledd med terrassebord over og under. Hjulene er frå Clas Olsson.
 
Eg bidrar med eit prosjekt til, og det kan du sjå HER
 
 
 
Vil du delta i utfordringa, eller sjå andre bidrag kan du ta ein kikk HER
 

 
 
Fin "søndag" til alle!
 
Silje