torsdag 9. mai 2013

Brudebuketten

Eg må snart bestemma meg for korleis brudebuketten skal sjå ut! Og det er ikkje enkelt! Har liksom tenkt tidlegare at "næsj, det er no ikkje SÅ nøye!" Meeeen, det er SÅ nøye! Ikkje for at den skal vere så stor og flott og dyr, men for at den skal vere enkel, fin og heilt meg!! Aller helst kunne eg tenkt meg den så enkel at eg kan laga den sjølv, men eg kjem litt til kort når det gjeld blomar, så det blir med tanken!! Men så fann eg denne...
'
Ein enkel blom, heilt aleine! Så enkel, og så fin!! Kanskje er det denne som blir brudebuketten??
 
I morgon tar eg med meg mann, barn og bikini, og reiser til Tyrkia! Det blir herlig!!! Så blir det blomebestilling når eg kjem heim igjen!
 
Fin helg til alle!
 
Silje
 

mandag 6. mai 2013

Vimpelrekke

I mitt forsøk på å gi det blåmalte jenterommet litt jentepreg har eg sydd vimpelrekke som skal henge over senga. Eg var på Stoff og Stil og kjøpte inn masse fint stoff, men latskapen tok meg, og det vart ei vimpelrekke i papir i staden! Når ein syr i papir slepp ein jo å vrangsy og alt det der;)



Vimpelrekka er sydd av papir frå Søstrene Grene og TGR. Eg har bretta trekantane dobbelt og sydd dei over eit silkebånd. Fort gjort, akkurat som eg likar det!!
 
Med ei list inne i hjørna der, og barneseng i staden for sovesofa blir nok Ine fornøgd med rommet sitt:)
 
 
 
 
Med denne flotte Hortensiaen  (god brudebukettkandidat) ønskjer eg alle ein fin fin dag:)
 
Silje

Klar for sommaren!

I dag er gradestokken heilt oppe på 13,5 grader! Er det håp likevel? Om at det blir sommar i år òg? Eller det blir nesten litt feil å sei " i år òg", for det var jo ikkje sommar i fjor! I fjor gjekk eg nesten heile sommaren og venta på at Ine skulle komma! Og derfor hugsar eg veldig godt at været var ikkje mykje å skryta av!!

Men uansett; eg og Ine er godt forberedt på sommaren! Me har mykje herlege, lette klede som ligg og ventar på oss;) Retrostoffet frå Arvingen har fått bein å gå på, og det spørs om eg må inn å bestilla meir "gladstoff"! Likar du herlege retrofargar-,og mønster? Då er i alle fall Arvingen verdt eit besøk! (Og om det skulle vere tvil; Ho har ikkje betalt meg for dette innlegget;)

Mønster frå Stoff og Stil. Samme mønster som den blå kjolen, med små justeringar!
 
Fin vårdag til alle!
 
Silje


lørdag 4. mai 2013

Pingvinbody

Syns dette stoffet frå Stoff og Stil er kjempeskjønt! Har sydd både luer, bukser, pannebånd og bodyer av dette stoffet!
Med nye, små familiemedlemmer er det ekstra kjekt å sy:) Ein liten body til det nyaste tantebarnet!


Stoffet er frå Stoff og Stil, og mønsteret har henta på denne bloggen. Kjekt når mønster blir delt, og det attpåtil er steg for steg forklaringar!!
 
Fin søndag til alle!
 
Silje:)

torsdag 2. mai 2013

Retro kjole

For ei tid tilbake bestilte eg eit lite knippe herlege retrostoff av denne dama! I går gjekk den første biten gjennom symaskina. Ein nydelig retrokjole i det mest fantastiske stoffet!


Kjolen er sydd etter mønster frå Stoff og Stil. Eg har laga den ein del kortare for at det skal gå an å krabbe med den! (Krabbing + kjole = fiasko!!)


Og når eg først var i gang med syinga blei det ei herleg sommarbukse òg. Det snør sidelengs i dag, men kanskje blir det sommar i år òg!? Og viss ikkje kan den brukast i Tyrkia om bare 9 dagar!!

Denne buksa er sydd etter mønster i boka "Sy til barn" (bukse uten sidesøm).
Stoffet er frå Stoff og Stil.
 
Fin "vår"dag til alle:)
 
Silje!


onsdag 1. mai 2013

6 år!

2. Mai 2013. Det er 6 år sidan eg blei mamma for første gong! Eit øyeblikk eg aldri vil gløyma! Ein kjekk, fin gut som har gitt meg mykje latter, tårer og gode minner!! Som mamma blir eg litt ekstra stolt og rørt kvar gong det er bursdag her i huset!

Feiringa vart unnagjort i helga, så i dag blir det tur for heile familien til VilVite senteret! Blir stas:)

Enkel borddekking for 21 små sjørøvarar!


Pappa si Kaptein Sabeltannskute er obligatorisk!

Monstermuffins var POPULÆRT!! Dette er vanlige muffins som er pynta med smørkrem tilsatt kokos og blå konditorfarge. Eg skar eit snitt til kjeksen før eg smurte glasuren på. Så stakk eg kjeksene i tilslutt. Augene er laga av marsipan!

"Nachspiel" og kos med alle gåvene!!
 
Barnebursdag er fryktelig slitsomt, men heldigvis veldig veldig kjekt!!!
 
Fin dag til alle!
 
Silje