onsdag 1. mai 2013

6 år!

2. Mai 2013. Det er 6 år sidan eg blei mamma for første gong! Eit øyeblikk eg aldri vil gløyma! Ein kjekk, fin gut som har gitt meg mykje latter, tårer og gode minner!! Som mamma blir eg litt ekstra stolt og rørt kvar gong det er bursdag her i huset!

Feiringa vart unnagjort i helga, så i dag blir det tur for heile familien til VilVite senteret! Blir stas:)

Enkel borddekking for 21 små sjørøvarar!


Pappa si Kaptein Sabeltannskute er obligatorisk!

Monstermuffins var POPULÆRT!! Dette er vanlige muffins som er pynta med smørkrem tilsatt kokos og blå konditorfarge. Eg skar eit snitt til kjeksen før eg smurte glasuren på. Så stakk eg kjeksene i tilslutt. Augene er laga av marsipan!

"Nachspiel" og kos med alle gåvene!!
 
Barnebursdag er fryktelig slitsomt, men heldigvis veldig veldig kjekt!!!
 
Fin dag til alle!
 
Silje

2 kommentarer:

  1. Stilige kaker da. Ja det er slitsomt med barnebursdag men det hører liksom med når en har barn. Jeg husker at jeg var helt peist når sistemann gikk ut døra. Mine to er voksne nå heldigvis.
    KLem

    SvarSlett
  2. Du har hatt hendene fulle, med 21 små på tokt. Tøff borddekking og kule kaker!
    Siri

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)