mandag 6. mai 2013

Klar for sommaren!

I dag er gradestokken heilt oppe på 13,5 grader! Er det håp likevel? Om at det blir sommar i år òg? Eller det blir nesten litt feil å sei " i år òg", for det var jo ikkje sommar i fjor! I fjor gjekk eg nesten heile sommaren og venta på at Ine skulle komma! Og derfor hugsar eg veldig godt at været var ikkje mykje å skryta av!!

Men uansett; eg og Ine er godt forberedt på sommaren! Me har mykje herlege, lette klede som ligg og ventar på oss;) Retrostoffet frå Arvingen har fått bein å gå på, og det spørs om eg må inn å bestilla meir "gladstoff"! Likar du herlege retrofargar-,og mønster? Då er i alle fall Arvingen verdt eit besøk! (Og om det skulle vere tvil; Ho har ikkje betalt meg for dette innlegget;)

Mønster frå Stoff og Stil. Samme mønster som den blå kjolen, med små justeringar!
 
Fin vårdag til alle!
 
Silje


2 kommentarer:

  1. Me får håpe på bedre vær i sommer,tenk så godt å hatt 3 mnd med sol og varme,ein drøm:)
    Nydelig kjole!
    God klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Så søt denne var! Krysser fingrene for at godværet kommer snart! Her i Bergen har det 'endelig' begynt å mildne, så satser på at vi er like bak dere! Ha en riktig fin tirsdag :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar:)